Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Røyrleggjarkostnadene ned 0,1 prosent
Dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg sank med 0,1 prosent frå desember 2001 til januar 2002. Nedgangen kjem i hovudsak av endringar i arbeidskraftkostnadene.
Frå januar 2001 til januar 2002 steig dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 5,5 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka i same periode med respektive 6,4 og 4,5 prosent.
Abonnementskort
Det blir trykt eit eige månadleg abonnementskort for indeksen. Kortet kan tingast hos Statistisk sentralbyrå, Sal- og abonnementsservice, 2225 Kongsvinger og kostar 290 kroner i året.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12