Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i røyrleggjarkostnadene
Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,1 prosent frå juli til august i år. Det var auke i arbeidskraft- og administrasjonskostnadene som bidrog til auken. Materialkostnadene var uendra siste månaden.
Lønsstatistikk for 2. kvartal 2007 er teken inn i byggjekostnadene for august 2007, og arbeidskraftkostnadene viser ein auke på 0,5 prosent siste månad. Administrasjonskostnadene steig med 0,2 prosent i same periode.
Kostnadene for varmeinstallasjonar og sanitærinstallasjonar auka med respektive 0,2 og 0,1 prosent frå juli til august i år.
Frå august i fjor til august i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 7,4 prosent. Kostnadene for varmeinstallasjonar og sanitærinstallasjonar auka i same periode med respektive 8,2 og 6,9 prosent.
Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg.
2000=100 |
Vekt i prosent1 | August 2007 | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2007-august 2007 | August 2006-august 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Røyrleggjararbeid i alt | 100,0 | 147,3 | 0,1 | 7,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Administrasjon | 17,3 | 128,3 | 0,2 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Arbeidskraft | 26,0 | 138,7 | 0,5 | 6,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 55,3 | 157,4 | 0,0 | 9,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sanitærinstallasjonar | 54,5 | 148,1 | 0,1 | 6,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 32,7 | 156,8 | 0,0 | 7,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varmeinstallasjonar | 45,5 | 146,5 | 0,2 | 8,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 22,6 | 158,1 | 0,0 | 10,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at transport-
kostnader ikkje er med. |
Tabeller:
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12