31730_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31730
Svak nedgang i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2007-11-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. oktober 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg fall med 0,1 prosent frå september til oktober i år. Materialkostnadene viste ein nedgang på 0,3 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100

Det er ein nedgang i byggjekostnadene for sanitærinstallasjonar på 1,2 prosent som er årsaka til at dei totale byggjekostnadene gjekk ned siste månaden. Kostnadene for varmeinstallasjonar auka med 1,0 prosent frå september til oktober.

Frå oktober i fjor til oktober i år har byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg stege med 5,6 prosent. Kostnadene for varmeinstallasjonar og sanitærinstallasjonar auka i same periode med respektive 7,2 og 4,3 prosent.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
     Vekt i prosent1    Oktober 2007 Endring i prosent
     September 2007-
oktober 2007
   Oktober 2006-
oktober 2007
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  147,1 -0,1 5,6
Administrasjon 17,3  128,5 0,2 2,8
Arbeidskraft 26,0  138,7 0,0 5,6
Materialar 55,3  156,9 -0,3 6,4
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  146,3 -1,2 4,3
Materialar 32,7  154,0 -1,8 4,3
         
Varmeinstallasjonar 45,5  148,0 1,0 7,2
Materialar 22,6  161,1 1,9 9,6
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at
transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: