31710_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31710
Små endringar i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2008-09-15T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. august 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,2 prosent frå juli til august i år. Det var auke i administrasjonskostnadene som bidrog mest til veksten den siste månaden. Materialkostnadene var uendra i den same perioden.

Røyrleggjararbeid i alt. Prosentvis endring frå same månaden året før

Administrasjonskostnadene steig med 1,1 prosent den siste månaden. Lønsstatistikk for 2. kvartal 2008 er teken inn i byggjekostnadene for august, og arbeidskraftkostnadene viser ein auke på 0,1 prosent frå juli til august i år.

Frå august i fjor til august i år har byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg auka med 7,3 prosent. Kostnadene for sanitær- og varmeinstallasjonar steig med høvesvis 5,7 og 9,2 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i prosent1 August 2008 Endring i prosent
  Juli 2008-
august 2008
August 2007-
august 2008
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  158,1 0,2 7,3
Administrasjon 17,3  135,4 1,1 5,5
Arbeidskraft 26,0  145,2 0,1 4,7
Materialar 55,3  171,0 0,0 8,6
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  156,6 0,3 5,7
Materialar 32,7  166,2 0,0 6,0
         
Varmeinstallasjonar 45,5  160,0 0,3 9,2
Materialar 22,6  177,9 0,0 12,5
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik
frå 100 pga. at transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: