Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i røyrleggjarkostnadene
Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,2 prosent frå april til mai i år. Arbeidskraftkostnadene auka med 0,7 prosent, mens materialkostnadene auka med 0,1 prosent i den same perioden.
Frå mai i fjor til mai i år auka byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 5,5 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med høvesvis 4,4 og 6,9 prosent i den same perioden.
Lønnsstatistikk for 1. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for mai.
Vekt i prosent1 | Mai 2009 | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2009-mai 2009 | May 2008-May 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Røyrleggjararbeid i alt | 100,0 | 164,8 | 0,2 | 5,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Administrasjon | 17,3 | 139,4 | 0,4 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Arbeidskraft | 26,0 | 146,9 | 0,7 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 55,3 | 181,0 | 0,1 | 7,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sanitærinstallasjonar | 54,5 | 162,3 | 0,2 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 32,7 | 174,0 | 0,0 | 5,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varmeinstallasjonar | 45,5 | 167,9 | 0,3 | 6,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 22,6 | 191,1 | 0,1 | 10,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at
transportkostnader ikkje er med. |
Tabeller:
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12