Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten auke i røyrleggjarkostnadene
Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,2 prosent frå april til mai i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,7 prosent, mens materialkostnadene var uendra i den same perioden.
Lønsstatistikk for 1. kvartal 2010 er teken med i byggjekostnadene for mai, og er hovudårsaka til kostnadsauken.
Frå mai i fjor til mai i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 1,8 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar auka med 3,3 prosent, mens kostnadene for varmeinstallasjonar var uendra i den same perioden.
Vekt i prosent1 | Mai 2010 | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2010-mai 2010 | Mai 2009-mai 2010 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Røyrleggjararbeid i alt | 100,0 | 167,7 | 0,2 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Administrasjon | 17,3 | 145,0 | 0,3 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Arbeidskraft | 26,0 | 151,0 | 0,7 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 55,3 | 182,5 | 0,0 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sanitærinstallasjonar | 54,5 | 167,6 | 0,2 | 3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 32,7 | 179,7 | 0,0 | 3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varmeinstallasjonar | 45,5 | 167,9 | 0,2 | 0,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Materialar | 22,6 | 186,5 | 0,0 | -2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at
transportkostnader ikkje er med. |
Tabeller:
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12