Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabile røyrleggjarkostnader
Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg gjekk opp med 0,1 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden auka 0,1 prosent, medan materialkostnadene var uendra i den same perioden.
Endring i prosent | Februar 2014 | Vekt i prosent1 | ||
---|---|---|---|---|
Januar 2014 - Februar 2014 | Februar 2013 - Februar 2014 | |||
1Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at transportkostnader ikkje er med. | ||||
Røyrleggjararbeid i alt | 0,1 | 2,3 | 190,3 | 100,0 |
Administrasjon | 0,2 | 2,9 | 161,0 | 17,3 |
Arbeidskraft | 0,1 | 3,3 | 170,4 | 26,0 |
Materialar | 0,0 | 1,8 | 208,6 | 55,3 |
Sanitærinstallasjonar | 0,1 | 1,1 | 189,9 | 54,5 |
Materialar | 0,1 | 0,0 | 204,7 | 32,7 |
Varmeinstallasjonar | 0,1 | 3,8 | 190,8 | 45,5 |
Materialar | 0,0 | 4,3 | 214,2 | 22,6 |
Lønsstatistikk for 4. kvartal 2013 er rekna med i byggjekostnadene for februar.
Frå februar 2013 til februar 2014 steig byggjekostnadene 2,3 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med høvesvis 1,1 og 3,8 prosent i den same perioden.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12