13320_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/arkiv
13320
Engrosprisane gjekk ned med 0,7 prosent
statistikk
2001-11-02T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)3. kvartal 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane gjekk ned med 0,7 prosent

Prisane for engroshandel totalt gjekk ned med 0,7 prosent frå 2. til 3. kvartal 2001. Frå 3. kvartal 2000 til 3. kvartal 2001 auka prisane med 2,4 prosent.

 Prisindeks for engroshandel, 1. kvartal 1994-3. kvartal 2001

Prisindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle viser den største nedgangen med 3,1 prosent frå 2. til 3. kvartal i 2001. Prisane for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer viser begge ein nedgang på 1,3 prosent i same periode. Prisindeksen for engroshandel med elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar og engroshandel med møblar og innreiingsartiklar gjekk begge ned med 0,1 prosent frå 2. til 3. kvartal i år. For same periode viser derimot engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr og engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr ein auke på respektive 0,7 og 0,5 prosent.

Jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr opp 4,8 prosent

Engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr hadde ein prisauke på 4,8 prosent frå 3. kvartal 2000 til 3. kvartal 2001. Prisane for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr auka med respektive 3,7 og 3,4 prosent i same periode. For brensle og drivstoff var prisindeksen uendra. Prisindeksen for engroshandel med elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar og engroshandel med møblar og innreiingsartiklar gjekk som dei einaste ned, med respektive 1,4 og 1,1 prosent frå 3. kvartal 2000 til 3. kvartal 2001.

Tabeller: