Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Engrosprisane ned 0,4 prosent i 2001
Prisane for engroshandel totalt gjekk ned med 0,4 prosent frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001. Frå 3. til 4. kvartal 2001 gjekk engrosprisane ned med 1,0 prosent.
Prisindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle viste den største nedgangen med 12,5 prosent i perioden 4. kvartal 2000 til 1. kvartal 2001. For same periode gjekk prisane for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer og engroshandel med klede og skotøy ned med høvesvis 5,7 og 2,6 prosent. Den største auken i prisar var det engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr som hadde. Auken for næringsgruppa var på 3,8 prosent frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001. Prisindeksen for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr auka med høvesvis 3,4 og 2,9 prosent i same periode.
Billegare brensle og drivstoff
Engroshandel med drivstoff og brensle gjekk ned med 5,0 prosent frå 3. til 4. kvartal 2001. Prisane for engroshandel med klede og skotøy og engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer gjekk ned med høvesvis 4,5 og 2,6 prosent for same periode. Prisindeksen for engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr viste derimot ein marginal auke på 0,3 prosent frå 3. til 4. kvartal 2001.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42