13316_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/arkiv
13316
Engrosprisane ned 0,1 prosent
statistikk
2002-05-03T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)1. kvartal 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane ned 0,1 prosent

Prisane for engroshandel totalt gjekk ned med 0,1 prosent frå første kvartal 2001 til første kvartal 2002. Frå 4. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002 gjekk engrosprisane marginalt opp med 0,1 prosent.

Prisindeks for engroshandel, 1. kvartal 1994-1. kvartal 2002

Prisindeksen for engroshandel med drivstoff og brensle viste den største nedgangen med 9,5 prosent i perioden 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002. For same periode gjekk prisane for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer og engroshandel med klede og skotøy ned med høvesvis 4,6 og 2,6 prosent. Den største auken i prisar var det engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr som hadde. Auken for denne næringsgruppa var på 3,5 prosent frå 1. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002. Prisindeksen for engroshandel med nærings- og nytingsmiddel og engroshandel med jordbruksråvarer og levande dyr auka med respektive 3,0 og 2,8 prosent i same periode. Engrosprisane for elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar var uforandra.

Billegare brensle og drivstoff

Engroshandel med drivstoff og brensle gjekk ned med 3,0 prosent frå 4. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002. Prisane for engroshandel med innsatsvarer med unntak av jordbruksvarer og engroshandel med tømmer, trelast, byggjevarer og sanitærutstyr gjekk ned med respektive 1,5 og 1,3 prosent for same periode. Prisindeksen for engroshandel med klede og skotøy og engroshandel med jernvarer, røyrleggjarartiklar og oppvarmingsutstyr viste derimot ein auke på høvesvis 1,6 og 1,5 prosent frå 4. kvartal 2001 til 1. kvartal 2002. I same periode viste engrosprisane for elektrisk utstyr til hushaldet, radio, fjernsyn, plater og kassettar ingen endring.

Tabeller: