158141_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/kvartal
158141
Engrosprisane opp 3,1 prosent
statistikk
2014-04-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false

Prisindeks for engroshandel (opphørt)1. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane opp 3,1 prosent

Prisane i engroshandelen gjekk opp med 3,1 prosent frå 4. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014. Samanlikna med 1. kvartal 2013 var desse prisane 4,5 prosent høgare.

Hovudtal for engroshandel. 2005 = 100
GjennomsnittEndring i prosent1. kvartal 2014Endring i prosent
20132012 - 20134. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014
Engroshandel i alt130,41,2135,63,1
Engroshandel med jordbruksråvarer og levande dyr148,13,8147,93,1
Engroshandel med nærings- og nytingsmiddel131,84,3140,56,4
Engroshandel med hushaldsvarer og varer til personleg bruk113,12,1115,30,7
Engroshandel med IKT-utstyr89,40,991,10,4
Engroshandel med andre maskiner og anna utstyr124,81,7128,01,8
Engroshandel med spesialisert vareutval elles145,5-1,6151,32,6
Engroshandel med drivstoff og brensle164,4-2,4174,94,2
Figur 1. Prisindeks for engroshandel

Prisane innanfor engroshandel med nærings- og nytingsmiddel auka med 6,4 prosent frå 4. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014 og med 9,1 prosent rekna frå 1. kvartal 2013. Det var mellom anna høgare prisar på fisk som bidrog til denne auken. Nærings- og nytingsmiddel utgjer om lag 30 prosent av omsetninga i engroshandel.

Prisane på drivstoff og brensle steig 4,2 prosent mellom 4. kvartal 2013 og 1. kvartal 2014 og var 4,5 prosent høgare enn i 1. kvartal året før.

Hushaldsvarer og varer til personleg bruk hadde ein prisvekst på 0,7 prosent sidan føregåande kvartal og 3,2 prosent i firekvartalsperioden. Innanfor denne næringshovudgruppa finn vi klede og skotøy. Her gjekk prisane opp med 0,3 prosent i løpet av eitt kvartal og auka med 1,9 prosent i løpet av fire kvartal.