13124_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13124
Prisane på godstransport på veg aukar
statistikk
2007-03-15T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks4. kvartal 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisane på godstransport på veg aukar

Prisane på godstransport på veg auka med 1,6 prosent frå 3. til 4. kvartal i 2006. I løpet av heile 2006 auka prisane med 5,4 prosent. I 2005 var prisveksten på 2,7 prosent.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa, samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar. I 2006 var det frakt av stykkgods/containergods som hadde den største prisveksten med ein auke på 6,5 prosent. Frakt av tørrgods i bulk hadde den lågaste prisveksten. For denne gruppa steig prisane med 1,2 prosent i 2006.

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og anna transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Total indeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og anna transport

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar

Tabeller: