13114_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13114
Stor prisauke for godstransporten
statistikk
2008-05-28T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks1. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stor prisauke for godstransporten

Prisane på godstransport på veg auka med 3,7 prosent frå 4. kvartal 2007 til 1. kvartal 2008. Prisveksten er den høgaste sidan 2004.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar.

Prisauken i totalindeksen i næringa i dette kvartalet er den høgaste sidan 2004. Dette kjem av ein vekst på meir enn 2 prosent for alle delindeksane. ”Oljeprodukt”, ”stykkgods/containergods” og ”annan transport” er blant delindeksane som veks mest med høvesvis 8,2, 4,6 og 4,5 prosent.

Prisendringa frå same kvartalet året før har også vore stor, 7,4 prosent, som også er høgast sidan 2004. ”Oljeprodukt ” er delindeksen som veks mest, med heile 11,3 prosent frå same kvartalet året før. Endringa for de andre delindeksane ligg på mellom 6 og 8 prosent.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og annan transport

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar. Prosent

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Tabeller: