Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Prisane på godstransport aukar framleis
Prisane på godstransport på veg auka med 2,2 prosent frå 1. kvartal 2008 til 2. kvartal 2008.
Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar.
Delindeksen for fryste eller kjølte varer auka mest, med 3,4 prosent, mens delindeksane for oljeprodukt, stykkgods/containergods, andre væsker eller gassar i bulk og tørrgods i bulk auka med om lag 2 prosent. Annan transport er delindeksen som auka minst i dette kvartalet, med 1,2 prosent.
Prisendringa frå same kvartalet året før har vore på 8,2 prosent, som er den høgast årlege prisauken sidan oppstart av indeksen i 2004. Oljeprodukt er delindeksen som auka mest, med heile 13,5 prosent frå same kvartalet året før. Endringa for de andre delindeksane ligg på mellom 7 og 9 prosent.
Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport. For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden. |
Tabeller:
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42