Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Oljeprisen aukar ytterlegare
Oljeprisen auka meir enn 20 prosent (målt i kroner) frå juni til juli. Dette førte til at totalindeksen steig med 1,8 prosent denne månaden, etter eit fall på 0,1 prosent i juni. Tolvmånadersauka (juli 1998 til juli 1999) gjekk frå 1,7 til 3,4 prosent.
Gjennomsnittsprisen på Brent Blend var i juli over 150 kroner eller 19 dollar per fat, og vi må tilbake til starten av 1997 for å finne ein tilsvarande høg oljepris. For gruppa oljeutvinning og bergverksdrift førte dette til ein auke på 14,8 prosent i perioden vi ser på. I same periode i fjor fall denne gruppe-indeksen, noe som bidrog til at tolvmånadersauka gjekk sterkt opp til 26,6 prosent.
Industrien sine priser opp
Prisane til industrien auka med 0,5 prosent frå juni til juli, og det meste av denne oppgangen vert skapt av prisauke på raffinerte oljeprodukt som til dømes bensin, fyringsoljer mv. Samla hadde gruppa produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt ein auke på 3 prosent frå juni til juli etter 0,1 i føregåande periode. Etter ein nedgang på 2,4 prosent frå mai til juni gjekk prisen på metall opp denne månaden. Oppgangen på 1,3 prosent skyldes i all hovudsak oppgang for ikkje-jernhaldige metall. Auken i dei siste tolv månadene var for industrien totalt på 1,4 prosent etter 1,1 prosent i juni.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86