12756_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12756
Auka prisar på oljeprodukt
statistikk
1999-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. august 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka prisar på oljeprodukt

Auka prisar på oljeprodukt og råolje bidrog til at totalindeksen steig 0,5 prosent frå juli til august. Dette bringar 12-månadersendringa opp frå 3,4 til 4,0 prosent.

Den sterke auken må òg vurderast i samanheng med eit fall i prisane på same tid i fjor innafor oljeutvinning, bergverksdrift og industri.

Gjennomsnittleg pris på Brent Blend auka med knapt 4,5 prosent frå juli til august etter ein vekst på meir enn 20 prosent førre periode. For gruppa oljeutvinning og bergverksdrift medførte dette ein auke på 1,4 prosent og at 12-månadersveksten auka ytterlegare til 28,5 prosent.

Auka prisar på raffinerte oljeprodukt gir vekst i industriprisane

Gruppa produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt auka med 2,3 prosent denne månaden. Så å seie alle oljeprodukta hadde ein auke. På London Spot Markets auka til dømes blyfri bensin med meir enn 15 prosent, medan tung fyringsolje auka med over 20 prosent. Dette pressar 12-månadersendringa opp til 8,7 prosent.

12-månadersendringa er òg påverka av ein negativ bane for prisane på råolje og dei raffinerte oljeprodukta i fjor. For råolje gjekk til dømes 12-månadersendringa ned med meir enn 34 prosent i august 1998. Ein auke no på heile 70 prosent må vurderast mellom anna på denne bakgrunn.

Saman med oljeprodukta medverkar auka prisar på metall til vekst i industriprisane. Det var spesielt prisane på ikkje-jernhaldige metall som hadde ein auke. I motsett retning trekkjer lågare prisar på næringsmiddel. Her var det ulike kjøtvarer som gav det sterkaste bidraget.

Alt i alt hadde industriprisane ein vekst på 0,5 prosent frå juli til august. Dette er det same som førre månad, men grunna ein nedgang i fjor auka 12-månadersveksten til 2,0 prosent.