Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Totalindeksen opp 1,9 prosent
Totalindeksen gjekk på ny opp i mai etter ein nedgang i april. Veksten kjem i hovudsak av ein auke i oljeprisen på om lag 29 prosent. 12-månadersendringa for totalindeksen var på 8 prosent i mai, etter 6,2 prosent i april.
Ein del av prisauken i oljeprisen målt i kroner kan forklarast av oppgangen i dollarkursen på 5,1 prosent frå april til mai. Signal frå oljeministrane i nokre av dei største oljeproduserande landa tyder på at dei er fornøgde med dagens prisar og ikkje planlegg å auke produksjonen. 12-månadersauken for olje og naturgass held fram med å vekse og var på 54,1 prosent i mai i år mot 34,5 prosent for april.
Auke i industrien sine eksportprisar
Industrien sine prisar auka med 0,6 prosent frå april til mai, etter å ha falle 0,3 prosent førre månad. 12-månadersendringa for industrien auka dermed frå 4,4 prosent til 4,8 prosent. Dette kjem først og fremst av auke i prisane på raffinerte oljeprodukt og ikkje-jernhaldige metall. Det som i størst grad førte til denne auken, var vekst i eksportprisane. Til dømes auka prisane på aluminium på spotmarknaden i London med 6,6 prosent målt i NOK. For gruppa produksjon av metall var veksten totalt 3,2 prosent frå april til mai, etter ein nedgang på 0,3 prosent i april.
Gruppa kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt auka med 1,1 prosent i mai. Også her var det eksportprisane som auka sterkast, 12-månadersendringa i gruppa gjekk frå 16,7 prosent førre periode til 18,2 prosent i mai.
Produsentprisindeks. 1981=100 |
Mai 2000 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2000-
mai 2000 |
Mai 1999-
mai 2000 |
Januar-mai 1999 -
januar-mai 2000 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 178,4 | 1,9 | 8,0 | 7,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeutvinning og bergverksdrift | 136,0 | 12,2 | 46,4 | 46,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 182,6 | 0,7 | 4,8 | 4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av næringsmidlar, drikkevarer og tobakksvarer | 204,3 | 0,1 | -0,3 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av tekstilvarer, bekledningsvarer, lær- og lærvarer | 159,7 | -0,1 | 0,3 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av trevarer | 189,5 | 0,1 | 2,1 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd | 209,2 | 0,9 | 4,2 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt | 150,1 | 1,1 | 18,2 | 18,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av mineralske produkt | 218,4 | - | 1,4 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av metall | 151,0 | 3,2 | 12,3 | 9,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av verkstadsprodukt | 192,1 | 0,2 | 1,7 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86