Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Produsentprisane opp med 0,6 prosent
Etter ein svak nedgang førre månad, steig produsentprisindeksen frå juli til august med 0,6 prosent. Den største prisauken kom innan oljeutvinning og bergverksdrift, men òg industrien sine prisar steig. 12-månadsendringa (august 1999 - august 2000) heldt seg stabil på 6,4 prosent.
Prisen på Brent blend steig i august, og etter London Spot Markets (LSM) var den gjennomsnittlege prisauken frå juli til august på 6 prosent (målt i NOK). Dette kjem dels av at den norske krona svekkja seg i høve til dollaren. Rapportar om minkande amerikanske oljelager vert saman med motstridande signal føre OPEC-møtet i september trekte fram som moglege årsaker til prisauken. Saman med ein liten auke innan bryting og utvinning av malm, førte dette til at indeksen for oljeutvinning og bergverksdrift auka med 2,9 prosent frå juli til august. 12-månadsauken gjekk frå 25,6 til 27,4 prosent.
Prisauke innan trevarer og treforedling
Den største auken i industrien kom i produksjon av trevarer, der auka heimemarknadsprisar førte til at indeksen steig med 1,6 prosent. I gruppa treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd auka prisane med 0,7 prosent. Her kjem auken hovudsakeleg av høgare eksportprisar. Andre grupper med prisauke var metall, der indeksen steig med 1 prosent, og produksjon av verkstadsprodukt, med ein prisauke på 0,2 prosent.
Næringsmiddelprisane noko ned
I den største gruppa næringsmiddel, drikkevarer og tobakk gjekk prisane ned med 0,2 prosent. Heile denne prisnedgangen kom på næringsmiddelsida, medan prisane på drikkevarer og tobakk heldt seg stabile. Det var òg ein liten nedgang i gruppa kjemiske produkt, mineralolje,- kol-, gummi- og plastprodukt. Her var nedgangen på 0,1 prosent.
Industrien under eitt hadde ein prisauke på 0,3 prosent frå juli til august. Med dette gjekk 12-månadsendringa ned frå 4,8 til 4,5 prosent.
Produsentprisindeks. 1981=100 |
August
2000 |
Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2000-
august 2000 |
August 1999-
august 2000 |
Januar-august 1999 -
januar-august 2000 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 179,7 | 0,6 | 6,4 | 7,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeutvinning og bergverksdrift | 140,3 | 2,9 | 27,4 | 40,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 183,4 | 0,3 | 4,5 | 4,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av næringsmidlar, drikkevarer og tobakksvarer | 205,2 | -0,2 | 1,1 | 0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av tekstilvarer, bekledningsvarer, lær- og lærvarer | 160,4 | - | 0,9 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av trevarer | 193,4 | 1,6 | 3,5 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd | 210,9 | 0,7 | 4,4 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt | 151,9 | -0,1 | 13,4 | 17,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av mineralske produkt | 218,3 | - | 1,3 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av metall | 147,5 | 1,0 | 9,1 | 9,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av verkstadsprodukt | 192,9 | 0,2 | 2,0 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86