Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare prisar på raffinerte produkt
Produsentprisindeksen hadde inga endring frå oktober til november. Oppgang innanfor oljeutvinning og bergverksdrift blei motverka av fall i prisane i industrien der dei raffinerte produkta trekte mest ned. 12-månadersendringa (november 1999-november 2000) til totalen blei 6,6 prosent.
Prisoppgangen innanfor oljeutvinning og bergverksdrift kjem hovudsakleg av auke i råoljeprisen. Etter London Spot Markets steig gjennomsnittsprisen på Brent Blend med vel 2,5 prosent frå oktober til november (målt i NOK). Indeksen for denne gruppa steig med 1,5 prosent. 12-månadersendringa fall frå 29,2 i oktober til 24,9 i november.
Noko nedgang i prisane i industrien
Det største bidraget til nedgangen kjem frå gruppa produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt, der prisane gjekk ned 1,6 prosent frå oktober til november. Fallet kjem hovudsakleg av lågare prisar på raffinerte produkt. På London Spot Markets fall prisen på blyfri bensin og tung fyringsolje med respektive 10 og 8 prosent frå førre månad. Andre grupper som viste nedgang var metall kor prisane fall med 0,7 prosent, og treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd som hadde ein prisnedgang på 0,3 prosent. Tal frå London Metal Exchange viser at prisen på aluminium fall 2,3 prosent frå førre månad, mens nikkel fall 4,5 prosent (målt i NOK). Den største oppgangen i pris var i gruppene for produksjon av næringsmiddel, drikkevarer og tobakksvarer og produksjon av verkstadsprodukt som begge auka med 0,3 prosent frå oktober til november.
Samla gjekk prisane i industrien ned med 0,2 prosent. 12-månadersendringa gjekk frå 5,4 prosent i oktober til 4,9 prosent denne månaden.
Produsentprisindeks. 1981=100 |
November 2000 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober 2000-november 2000 | November 1999-november 2000 | Januar-november 1999 - januar-november 2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 182,9 | - | 6,6 | 7,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oljeutvinning og bergverksdrift | 149,7 | 1,5 | 24,9 | 36,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 185,6 | -0,2 | 4,9 | 4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av næringsmidlar, drikkevarer og tobakksvarer | 207,1 | 0,3 | 2,5 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av tekstilvarer, bekledningsvarer, lær- og lærvarer | 160,9 | - | 1,3 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av trevarer | 193,4 | 0,1 | 2,4 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Treforedling, grafisk produksjon og forlagsverksemd | 211,2 | -0,3 | 3,6 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av kjemiske produkt, mineralolje-, kol-, gummi- og plastprodukt | 159,1 | -1,6 | 14,5 | 17,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av mineralske produkt | 218,8 | - | 1,6 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av metall | 147,8 | -0,7 | 6,6 | 9,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Produksjon av verkstadsprodukt | 193,8 | 0,3 | 2,6 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86