Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i industrien sine prisar
Prisane innanfor industri og bergverksdrift auka med 0,9 prosent frå januar til februar. Auken frå førre månad skuldast hovudsakleg høgare prisar på raffinerte oljeprodukt.
Totalindeksen auka med 5,5 prosent. I tillegg til auken innanfor industri og bergverksdrift skuldast dette ein auke i prisane på energivarer.
Prisutviklinga frå januar til februar
Dei fleste gruppene har hatt ein prisoppgang i denne perioden. I industri og bergverksdrift kom den største auken i gruppa oljeraffinering. Her gjekk prisane opp med 4,4 prosent. Det var òg ein auke på 0,9 prosent i prisane på nærings- og nytingsmiddel. Elles var det ein auke på 3,7 prosent i gruppa treforedling. Den største prisnedgangen kom i metallvareindustrien, der prisane gjekk ned med 0,7 prosent. For dei andre gruppene var det mindre endringar.
Innanfor olje- og gassutvinning har prisane stege med 8,3 prosent frå januar til februar. Dette skuldast hovudsakleg ein auke i prisen på råolje. I kraftforsyning har det vore ein prisauke på 15,4 prosent.
Om ein grupperer etter varetype ser ein òg at det er energivarer som har hatt den største prisauken, med 8,4 prosent auke frå januar til februar. Elles steig prisane på varige konsumvarer med 1,5 prosent, og prisane på innsatsvarer med 0,7 prosent i same periode.
12-månadersendring
12-månadersauken (februar 2000-februar 2001) for industri og bergverksdrift var på 4,4 prosent. Her hadde nærings- og nytingsmiddel ein auke på 3,1 prosent. For oljeraffinering er det tilsvarande talet 14,7 prosent.
Kraftforsyning hadde ein auke på 50,0 prosent. Auke i kraftprisane både i heimemarknaden og på eksport trakk opp. Særs låge prisar på same tid i fjor er òg ein vesentleg faktor bak den kraftige oppgangen dei siste 12 månadene. Olje- og gassutvinning hadde ein auke på 1,6 prosent medan totalindeksen hadde ein oppgang på 3,8 prosent.
Utviklinga i 12-månadersendringa
12-månadersendringa for industri og bergverksdrift gjekk ned frå 4,9 til 4,4 prosent. Den største nedgangen kom i gruppene metallindustri og metallvareindustri, medan det var ein oppgang i gruppene nærings- og nytingsmiddelindustri og oljeraffinering.
Det var ei tilsvarande utvikling for olje- og gassutvinning, der veksten gjekk ned frå 2,8 til 1,6 prosent. Trass i dette gjekk 12-månadersendringa for totalindeksen opp frå 3,3 til 3,8 prosent. Dette skuldast den kraftige auken for kraftforsyning.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
Februar 2001 |
Endring i
prosent |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar-
februar 2001 |
Februar 2000-
februar 2001 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 98,42 | 5,5 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 93,33 | 8,3 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 101,73 | 0,9 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 157,01 | 15,4 | 50,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86