Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke i prisane innanfor industrien
Prisane innanfor industrien auka med 0,9 prosent frå april til mai. Oppgangen kjem i hovudsak av høgare prisar på raffinerte oljeprodukt i tillegg til prisauke i metallindustrien.
Totalindeksen auka med 6,1 prosent. Årsaka til oppgangen var høgare prisar i industrien og innanfor olje- og gassutvinning. Prisane på kraftforsyning gjekk derimot ned 5,9 prosent og viste dermed nedgang for første gong sidan juli i fjor.
Prisutviklinga frå april til mai
Prisane på raffinerte oljeprodukt auka med 5,0 prosent og var med dette ein av dei største bidragsytarane til oppgangen i industrien. Denne oppgangen finn ein att på London Spot Markets (LSM) der prisen på blyfri bensin auka om lag 8,5 prosent, medan tung fyringsolje og råolje (Brent Blend) steig til i overkant av 10 prosent. Produkt frå metallindustrien hadde ein oppgang på 3,2 prosent. I denne gruppa steig prisane på dei ikkje-jernhaldige metalla med 4 prosent.
Sterkast prisnedgang kom i kjemisk industri som gjekk ned 0,8 prosent. I tillegg gjekk prisane innanfor treforedling ned med 0,7 prosent.
Gruppert etter varetype var det nok ein gong energivarene som hadde den største oppgangen med 9,3 prosent frå april til mai, medan innsatsvarene hadde ein auke på 0,9 prosent.
12-månadsendring
12-månadsauken (mai 2000-mai 2001) for industrien var på 3,0 prosent.
Prisane på raffinerte oljeprodukt viste ein oppgang på 10,7 prosent i forhold til i fjor, medan prisane på nærings- og nytingsmiddel hadde auka med 4,2 prosent. Berre metallindustri og gummi- og plastindustri hadde fall siste året.
For olje- og gassutvikling var auken 2,8 prosent, medan kraftforsyning viste ein oppgang på 92,9 prosent. Totalindeksen fekk med dette ein samla 12-månadsauke på 4,6 prosent.
Utviklinga i 12-månadsendringa
12-månadsendringa for industrien gjekk frå 3,7 prosent i april til 3,0 prosent i mai. Fleirtalet av gruppene hadde nedgang i 12-månadsendringa denne perioden.
Størst nedgang var å finne i treforedling der 12-månadsveksten gjekk frå 12,6 prosent i april til 7,9 prosent i mai. Denne utviklinga kjem mellom anna av at prisane i gruppa gjekk opp med 3,7 prosent frå april til mai i fjor, medan same periode i år synte ein nedgang på 0,7 prosent. Gruppa har no den lågaste 12-månadsveksten sia januar i fjor. Samanlikningsgrunnlaget i 2000 er henta frå vareprisindeksen for industrinæringar som gir det beste biletet av den historiske utviklinga i gruppa.
Andre nemneverdige endringar i 12-månadsveksten fann stad hos kjemisk industri som gjekk frå 3,9 prosent til 1,7 prosent, og hos nærings- og nytingsmiddel som gjekk frå 5,1 prosent til 4,2 prosent. Den klårt største og nesten einaste gruppe som trekk indeksen opp var oljeraffinering som gjekk frå 8,2 prosent til 10,7 prosent.
12-månadsvektsten for produkt i gruppa for olje- og gassutvinning gjekk frå 15,8 prosent i april til 2,8 prosent i mai. I denne perioden gjekk 12-månadsveksten for råolje (Brent Blend) på LSM frå bortimot 20 prosent til 4 prosent.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mai 2001 | April 2001-mai 2001 | Mai 2000-mai 2001 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 104,18 | 6,0 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 102,50 | 10,4 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 102,58 | 0,9 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 156,00 | -5,9 | 92,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86