Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang i industrien sine prisar
Prisane innanfor industri og bergverksdrift gjekk ned med 0,9 prosent frå juli til august. Den største nedgangen kom i metallindustrien, medan prisane på raffinerte oljeprodukt hadde ein svak auke.
Prisane på elektrisk kraft gjekk òg ned, medan prisane innanfor olje- og gassutvinning auka med 3,7 prosent. Dette resulterte i ein auke for totalindeksen på 1,6 prosent.
Prisutviklinga frå juli til august: Prisnedgang i metallindustrien
I metallindustrien gjekk prisane ned for tredje månaden på rad. Nedgangen var på heile 4,4 prosent. Ein kan sjå same trenden på London Spot Markets (LSM), der prisane på til dømes aluminium, koppar, nikkel, sink og platina har gått ned med mellom 4 (aluminium) og 15,8 prosent (platina) frå juli til august. Treforedling, nærings- og nytingsmiddelindustri og kjemisk industri viste òg ei negativ prisutvikling frå juli til august, medan prisane på raffinerte oljeprodukt og innanfor maskinindustrien trakk i motsett retning. Samla gav dette ein nedgang på 0,9 prosent for industri og bergverksdrift.
For varer gruppert etter varetype var det innsatsvarene som hadde den største endringa, med ein nedgang på 2,1 prosent. Elles gjekk prisane på investeringsvarer opp med 0,7 prosent.
12-månadersendring: Negativ årsendring for industri og bergverksdrift
Sidan august 2000 har prisane innanfor industri og bergverksdrift gått ned med 0,3 prosent. Dette kjem hovudsakleg av ein nedgang i metallindustrien, der prisane har gått ned med heile 8,7 prosent det siste året, og eit fall i prisane på raffinerte oljeprodukt på 4,9 prosent. I motsett retning dreg først og fremst nærings- og nytingsmiddelindustrien, der 12-månadersendringa (august 2000-august 2001) var på 3,5 prosent, det same som førre månad. Mineralproduktindustrien og maskinindustrien bidreg i same retning.
Totalindeksen har gått ned med 4,3 prosent sidan august i fjor. I tillegg til nedgangen i industrien sine prisar, har også prisane innanfor olje- og gassutvinning gått ned med 10 prosent siste året. Prisane på elektrisk kraft ligg vel 80 prosent høgare enn på same tid i fjor.
Utviklinga i 12-månadersendringa
Med eitt unnatak har 12-månadersendringa for prisane innanfor industri og bergverksdrift gått ned kvar månad sidan nyttår, og er no på minus 0,3 prosent, etter 1,2 prosent førre månad. Metallindustrien har stort sett hatt negative 12-månadersendringar sidan mars, og dei to siste månadene gjeld dette òg oljeraffinering. I den største gruppa, nærings- og nytingsmiddelindustrien, steig 12-månadersendringa frå rundt 3 til om lag 5 prosent dei fire første månadene, men har sidan gått noko tilbake. Om ein ser på vareprisindeks for industrinæringane er det første gong sidan januar 1999 at 12-månadersendringa for industri og bergverksdrift er negativ.
Innanfor olje- og gassutvinning har prisane gått ned med 10 prosent frå august 2000. Dette stemmer godt overeins med utviklinga i råoljeprisen (Brent Blend ifølgje LSM), der 12-månadersendringa har gått frå 19,8 prosent i april, til minus 13,4 prosent i august.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
August 2001 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli-august 2001 | August 2000-august 2001 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 98,33 | 1,6 | -4,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 94,72 | 3,7 | -10,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 100,24 | -0,9 | -0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 140,06 | -2,4 | 80,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86