12664_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12664
Prisane i industrien litt ned
statistikk
2001-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. november 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisane i industrien litt ned

Frå oktober til november fall produsentprisindeksen 4 prosent. Hovudforklaringa er lågare prisar på råolje.

Produsentprisindeksen har falle jamt dei siste månadene. Forklaringa er prisane på råolje, som sia førre månad har falle om lag 8,5 prosent.

Prisutviklinga frå oktober til november

Sia førre månad fall prisane innanfor industrien 0,8 prosent. Dette kjem av ein reduksjon i prisane for raffinerte oljeprodukt på 7,5 prosent. På London Spot Markets (LMS) fall til dømes blyfri bensin over 16 prosent, medan tung fyringsolje fall nær 11 prosent. Elles fall prisane innanfor treforedling med om lag 2 prosent.

Prisane i gruppa olje- og gassutvinning fall 7,1 prosent, medan elektrisitetsprisen, som auka om lag 3 prosent, motverka i nokon grad nedgangen i totalindeksen.

12-månadersendring november 2000-november 2001

Innanfor industrien var prisane om lag 5 prosent lågare enn på same tid i fjor. Sjølv om viktige grupper som nærings- og nytingsmiddel auka med over 4 prosent, og til dømes maskinindustri auka meir enn 5 prosent, var prisane innanfor dei raffinerte oljeprodukta meir enn 30 prosent lågare. Ei anna viktig gruppe, metallindustri, fall med 16 prosent.

Etter varetype var prisane for energivarer 36,4 prosent lågare, medan prisane for innsatsvarer var 6,2 prosent under prisnivået på same tid i fjor. Prisane for konsumvarer, derimot, var nesten 4 prosent høgare.

Utviklinga i 12-månadersendringa

Prisane innanfor industrien har falle 4,9 prosent sia november i fjor, etter 4,3 prosent fall i førre månad. Ifølgje vareprisindeks for industrinæringane har industrien sine vekstratar sia juni 2000 hatt ein relativ jamn nedgang frå 11,1 prosent. Hovudforklaringa finn man i prisutviklinga innanfor dei raffinerte oljeprodukta, der 12-månadsendringa har gått frå -15 prosent i september til -32 prosent i november. Også metallindustrien har hatt ei negativ utvikling dei siste månadene.

Etter varetype viser energivarene ein gradvis nedgang frå -7,1 prosent i juli til -36,4 prosent i november. Konsumvarene har dei to siste månadene vært om lag 4 prosent høgare enn i fjor, etter ein auke frå 3,6 prosent i september.

Produsentprisindeks. 2000=100
    Endring i prosent
  November 2001 Oktober 2001- november 2001 November 2000- november 2001
Totalindeks 84,36 -4,0 -23,2
Olje- og gassutvinning 72,63 -7,1 -38,1
Industri og bergverksdrift 98,00 -0,8 -4,7
Kraftforsyning 141,96 2,8 15,3