12652_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12652
Lågare prisar i industrien
statistikk
2002-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. februar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisar i industrien

Industrien sine prisar gjekk ned med 0,4 prosent frå januar til februar. Lågare prisar på papir- og papirprodukt, raffinerte oljeprodukt og kjemiske råvarer var nokre av faktorane bak denne utviklinga.

Det sterkaste bidraget til nedgangen i industrien kjem frå dei kjemiske produkta som gjekk ned 1,9 prosent. Også lågare prisar på raffinerte oljeprodukt og på produkt frå treforedling hadde stor innverknad på utviklinga til industrien. Størst prisoppgang fant sted i metallvare- og maskinindustrien.

Gruppert etter varetype har energivarer hatt den største prisauken med 3,7 prosent. Prisane på innsatsvarer og konsumvarer gjekk ned 0,6 og 0,3 prosent, mens investeringsvarer gjekk opp 0,6 prosent.

12-månadersendring, februar 2001 til februar 2002

Innanfor industri har prisane gått ned 4,6 prosent samanlikna med februar i 2001. Denne utviklinga kan i stor grad tilskrives nedgang i prisane innanfor oljeraffinering som var 26,7 prosent lågare. Også nedgang i prisane på metall var ein stor bidragsytar til nedgangen i industrien.

Etter varetype var prisane for energivarer 16,2 prosent lågare, medan innsatsvarer har hatt ein nedgang på 6,4 prosent.

Utviklinga i 12-månadersendringa

12-månadersendringa for industri gjekk frå -3,4 prosent i januar til -4,6 prosent i februar, medan prisane på raffinerte oljeprodukt fall frå -22,6 til -26,7 prosent. Tendensen i industrien sin prisutvikling er også prega av lågare prisar på matvarer og treforedlingsprodukt.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Februar 2002 Endring i prosent
  Januar-februar 2002 Februar 2001-februar 2002
Totalindeks 87,10 1,7 -11,5
Olje- og gassutvinning 77,90 4,2 -16,5
Industri og bergverksdrift 97,19 -0,4 -4,5
Kraftforsyning 177,37 6,4 13,0