Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Produsentprisane fall
Produsentprisindeksen fall 1,3 prosent frå april til mai. Prisfallet er fordelt på alle hovudgruppene, men det største bidraget kom frå olje- og gassutvinning.
Prisen på råolje (Brent Blend) i NOK fall 2 prosent på varebørsen i London frå april til mai. Ei viktig forklaring var ein svakare dollarkurs - prisen på råolje i dollar auka med 2,9 prosent. Gruppa olje- og gassutvinning fall med dette 1,8 prosent. Prisane innan industrien fall 0,5 prosent. Her var det dei raffinerte oljeprodukta og metallindustrien som trakk mest ned. Kjemisk industri motverka fallet noe, med ein auke på 2,7 prosent.
Gruppert etter varetype har energivarer hatt den største prisreduksjonen med om lag 2 prosent.
12-månadersendring, mai 2001 til mai 2002
Innanfor industrien har prisane gått ned 4,2 prosent samanlikna med mai i 2001. Denne utviklinga kan i stor grad tilskrivast ein 18,8 prosent nedgang i prisane innanfor oljeraffinering. Også nedgang i prisane på metall, 15 prosent, var ein stor bidragsytar til nedgangen i industrien.
Etter varetype var prisane for energivarer 13,8 prosent lågare enn i fjor, medan innsatsvarer har hatt ein nedgang på 6,9 prosent.
Utviklinga i 12-månadersendringa
12-månadersendringa for industri gjekk frå -2,8 prosent i april til -4,2 prosent i mai, medan prisane på raffinerte oljeprodukt fall frå om lag -13 til -19 prosent. Tendensen i prisutviklinga for industrien er også prega av lågare prisar på matvarer, treforedlingsprodukt og metall.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
Mai 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April-mai 2002 | Mai 2001-mai 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 92,38 | -1,3 | -11,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 88,78 | -1,8 | -13,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 98,38 | -0,5 | -4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 138,70 | -8,9 | -11,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86