12615_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12615
Lågare prisar i oljeraffineringa
statistikk
2002-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. november 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisar i oljeraffineringa

Industriprisane gjekk ned 0,7 prosent frå oktober til november. Prisnedgangen kjem av lågare prisar på raffinerte oljeprodukt.

Prisane på raffinerte oljeprodukt gjekk ned med 8,4 prosent frå oktober til november. Denne utviklinga kan ein sjå i samanheng med låge prisar på råolje og ei sterk krone. Ifølgje London Spot Markets var prisen på tung fyringsolje nær 20 prosent lågare i november enn månaden før, mens prisen på blyfri bensin gjekk ned 12,5 prosent i same periode. Produkt frå metallindustrien gjekk derimot opp i pris med 1,7 prosent. Også matvareprisane hadde ein oppgang og auka med 0,4 prosent.

Gruppert etter varetype har energivarer hatt ein prisnedgang på 9,6 prosent. Prisane på innsatsvarer og konsumvarer gjekk opp 0,7 og 0,3 prosent, mens investeringsvarer gjekk ned 0,3 prosent i pris.

På heimemarknaden viste industrien ein nedgang på 0,1 prosent. Dette kjem hovudsakeleg av prisnedgangen innan oljeraffinering og metallvarer.

12-månadersendring, november 2001 til november 2002

Prisane innan industrien har gått ned med 1,5 prosent dersom ein samanliknar november 2002 med november 2001. Denne utviklinga kan i stor grad tilskrivast nedgangen i prisane i metallindustrien, som var på 9,5 prosent. Prisane på treforedlingsprodukt gjekk ned med nesten 10 prosent. Også prisane innan næringsmiddelindustrien og kjemisk industri gjekk ned.

Etter varetype var prisane for energivarer 8,5 prosent høgare, medan innsatsvarer har hatt ein nedgang på 3,3 prosent.

Produsentprisindeks. 2000=100
  November 2002 Endring i prosent
  Oktober-november 2002 November 2001-november 2002
Totalindeks 87,10 -5,1 3,3
Olje- og gassutvinning 77,07 -11,9 6,1
Industri og bergverksdrift 96,54 -0,7 -1,5
Kraftforsyning  229,79 25,4 61,9