12580_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12580
Auka prisar på energivarer
statistikk
2003-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. august 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka prisar på energivarer

Industriprisane steig 0,2 prosent frå juli til august . Innanfor olje- og gassutvikling, samt kraftforsyning held prisane fram å stige, og totalindeksen gjekk opp 2,5 prosent frå juli.

Innanfor olje- og gassutvikling steig prisane 5 prosent frå førre månad og har samla stige om lag 17 prosent sia mai. Tal frå London Spot Market synte at prisen på råolje (Brent Blend) gjekk opp 6,6 prosent frå juli. Prisoppgangen på kraft i haust har starta, og prisane steig 11,8 prosent i august - etter ein oppgang på 8,1 prosent i juli.

Innanfor industrien steig prisane marginalt. Oppgangen kjem av høgare prisar i fleirtalet av grupperingane i industrien. Den største oppgangen skjedde for raffinerte oljeprodukt, der prisane steig 2,4 prosent. Ikkje-jernhaldige metall gjekk opp 2,2 prosent. Auken i industrien blei motverka av lågare prisar på matvarer. Her gjekk prisane ned 0,5 prosent, blant anna på grunn av lågare prisar innanfor fiskeeksporten. Også tekstil og kledning, samt prisane innanfor treforedling gjekk ned.

Gruppert etter varetype har prisane på energivarer stege 5 prosent frå juli til august, medan konsumvarer gjekk ned 0,4 prosent.

12-månadersendring, august 2002 til august 2003

Industriprisane er no 3 prosent høgare enn for eit år sia. Den største oppgangen skjedde for raffinerte oljeprodukt som gjekk opp 11,5 prosent. Metallprisane har auka 9,6 prosent frå august i fjor, medan 12-månadersendringa var 5,9 prosent i førre månad. Dette kjem av at prisane frå juli til august gjekk litt opp i år, mens same periode i fjor viste ein nedgang på om lag 3 prosent. Kjemikaliar har auka 7,4 prosent. I sistnemnde gruppe har kjemiske råvarer stege 9,2 prosent det siste året.

Etter varetype har prisane på energivarer stege 9,8 prosent. Investeringsvarene har auka 3,5 prosent, mens konsumvarene har gått opp 0,2 prosent.

Produsentprisindeks. 2000=100
  August 2003 Endring i prosent
  Juli 2003- august 2003 August 2002-august 2003
Totalindeks 95,42 2,5 6,1
Olje og gassutvinning 90,28 5,0 5,8
Industri og bergverksdrift 99,57 0,2 3,0
Kraftforsyning 236,82 11,8 67,5

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkjørte. Begge undersøkingane vil inntil vidare behalde heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi.

Månads- og 12-månadersendring for august var dei same for dei to undersøkingane. Det vil difor ikkje liggje føre nokon ytterlegare informasjon om vareprisindeksen i denne indeksperioden.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
  August 2003 Endring i prosent
  Juli 2003-august 2003 August 2002-august 2003
Totalindeks 99,67 2,5 6,1
Olje- og gassutvinning 90,28 5,0 5,8
Industri og bergverksdrift 99,75 0,2 3,0
Kraftforsyning 229,10 11,8 67,5

Ein desimal frå januar 2004

Frå og med publiseringa av januar 2004 vil indeksane bli framstilte med ein desimal - i høve til dagens frigjeving med to desimalar. Årsaka til endringa er at to desimalar gjev eit overdrive inntrykk av presisjonen til estimata - som ikkje blir noko dårlegare med ein desimal. I tillegg har vi eit ønskje om å harmonisere med vanleg praksis- som er ein desimal.