Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Olje- og straumprisane gjekk ned
Totalindeksen gjekk ned 3,3 prosent frå august til september. Etter tre månader med auke fall råoljeprisane om lag 9 prosent siste periode. Industri- og straumprisane viste òg nedgang frå august.
Innanfor olje- og gassutvikling fall prisane 7 prosent frå førre månad. Tal frå London Spot Market viste at prisen på råolje (Brent Blend) gjekk ned om lag 9 prosent frå august. Same kjelde viste at blyfri bensin gjekk ned 13 prosent, medan tung fyringsolje fall vel 8 prosent. Kraftprisane gjekk ned 1,8 prosent i ein periode som vanlegvis er prega av høgare prisar.
Innanfor industrien gjekk prisane ned 0,3 prosent. Nedgangen kjem i stor grad av eit fall på 4,7 prosent i prisane på raffinerte oljeprodukt. Også elektroteknisk og optisk industri, samt treforedlinga viste nedgang i prisane, med fall på respektive 0,9 og 0,4 prosent. Nedgangen i industriprisane blei motverka av høgare prisar på næringsmiddel og metall.
Gruppert etter varetype har prisane på energivarer falle 6,5 prosent frå august til september, medan konsumvarer auka 0,5 prosent.
12-månadersendring, september 2002 til september 2003
Industriprisane er no 1,6 prosent høgare enn for eit år sia. Den største oppgangen var for metall som gjekk opp 10,1 prosent. Prisane på kjemikaliar har stege vel 4 prosent, medan maskinindustrien viste ein prisoppgang på 3,3 prosent. Prisane på næringsmiddel er no 0,3 prosent høgare enn for eit år sia, og dette er første gongen på 15 månader at prisane er høgare enn dei var på same tid året før. Prisane på raffinerte oljeprodukt er om lag uendra samanlikna med september 2002. Størst nedgang i denne perioden fann stad innanfor treforedling og grafisk industri, der prisane er 2,2 prosent lågare.
Etter varetype har prisane på energivarer falle 2,7 prosent. Investeringsvarene har auka 2,8 prosent, medan konsumvarene har gått opp 0,6 prosent.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
September 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2003- september 2003 | September 2002-september 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 92,32 | -3,3 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 83,95 | -7,0 | -6,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 99,22 | -0,4 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 232,54 | -1,8 | 44,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vareprisindeks for industrinæringane
Som meldt tidlegare blir artiklane samkjørte til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane. Begge undersøkingane vil inntil vidare behalde heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi .
Månads- og 12-månadersendring for september var dei same for dei to undersøkingane. Det vil derfor ikkje liggje føre noko ytterlegare informasjon om vareprisindeksen i denne perioden.
Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100 |
September 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2003- september 2003 | September 2002-september 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 96,42 | -3,3 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 83,95 | -7,0 | -6,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 99,40 | -0,4 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 224,95 | -1,8 | 44,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ein desimal frå januar 2004
Frå og med publiseringa av januar 2004 vil indeksane bli framstilte med ein desimal - i høve til dagens frigjeving med to desimalar. Årsaka til endringa er at to desimalar kan gi eit overdrive inntrykk av presisjonen til estimata - som ikkje blir noko dårlegare med ein desimal. I tillegg har vi eit ønskje om å harmonisere med vanleg praksis- som er ein desimal.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86