12549_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12549
Kraftig auke i råoljeprisen
statistikk
2004-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. mai 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig auke i råoljeprisen

Totalindeksen gjekk opp 4,9 prosent frå april til mai. I denne perioden steig prisen på råolje med 12,6 prosent. Industriprisane bidrog med ein oppgang på 1,2 prosent.

Mangel på bensin i USA og ein auke i oljeetterspurnaden frå Kina bidrog til å presse prisen på råolje i været denne månaden. Dei fleste hovudgruppene innanfor industrien hadde ein oppgang, mest steig prisane på raffinerte oljeprodukt. Bensinprisen auka - ifølgje London Spot Markets - 16,2 prosent. Oppgangen for industrien vart bremsa av at prisane på ikkje-jernhaldige metall gjekk ned med 5,6 prosent. Prisane på ikkje-jernhaldige metall har hatt ein stigande trend sidan januar 2003, men fekk no ein nedgang etter signalar om innstrammingar i den økonomiske politikken i Kina.

Kraftprisane heldt fram å falle og gjekk denne månaden ned med 2,3 prosent. Etter varetype gjekk konsumvarene opp 0,1 prosent, medan energivarene steig 9,0 prosent. Innsatsvarene hadde ein liten oppgang på 0,1 prosent.

Tolvmånadsendringa: 8,6 prosent vekst i industrien

Samanlikna med mai i fjor har prisen auka i dei fleste industrinæringane. Prisane for industrien har stige med 8,6 prosent og her bidrog særleg raffinerte oljeprodukt, metall og kjemikaliar. Desse har auka med høvesvis 36,6, 23,9 og 10,4 prosent. Prisen på blyfri bensin låg ifølgje tal frå London Spot Markets om lag 75 prosent høgare enn same månad i fjor. I næringsmiddelindustrien har ikkje prisane stige så mykje, med berre 2,4 prosent.

Produsentprisindeksen totalt har gått opp 18,8 prosent sidan mai 2003, hovudsakeleg på grunn av den kraftige auken i råoljeprisane. Råolje (Brent Blend) låg nesten 50 prosent høgare enn same månad i fjor, medan strømprisane var på om lag same nivå.

Gruppert etter varetype viste energivarene ein oppgang på 33 prosent, medan innsatsvarene har auka 8,4 prosent dei siste 12 månadene.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Mai 2004 Endring i prosent
      April 2004-
mai 2004
    Mai 2003-
mai 2004
Totalindeks  104,8 4,9 18,8
Olje- og gassutvinning  104,5 10,2 35,4
Industri og bergverksdrift  105,9 1,2 8,5
Kraftforsyning  214,2 -2,3 0,3

Vareprisindeks for industrinæringene

Som meldte tidlegare, vert artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkøyrde. Begge undersøkingane vil førebels behalde heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjellar i indeksane kan det førekomme mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført noko nytt materiale til vareprisindeksen i siste periode.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
  Mai 2004 Endring i prosent
       April 2004-
mai 2004
     Mai 2003-
mai 2004
Totalindeks  109,5 5,0 18,9
Olje- og gassutvinning  104,5 10,2 35,4
Industri og bergverksdrift  106,1 1,2 8,5
Kraftforsyning  207,2 -2,4 0,3