Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Orkanen Ivan medverka til oljeprisrekord
Prisen på råolje (Brent Blend) gjekk opp 10,6 prosent til 327 kroner per fat frå september til oktober. Dermed rauk oljeprisrekorden på 300 kroner fatet frå september 2000.
Orkanen Ivan sine herjingar i Mexicogulfen førte til at amerikansk råoljeproduksjon gjekk ned i oktober. Saman med frykt for oljestreik i Nigeria medverka dette til ein auke i prisen på råolje på 10,6 prosent frå september til oktober.
Industriprisane auka 1,5 prosent. Prisane på raffinerte oljeprodukt steig 8,8 prosent og bidrog mest til prisauken. Ifølgje tal frå London Spot Markets (LME) steig prisane på blyfri bensin, gassolje og tung fyringsolje med høvesvis 6,4, 16,4 og 4,5 prosent frå september til oktober. Også kjemikaliar og metall hadde ein prisoppgång - på høvesvis 1,3 og 1,1 prosent.
Kraftprisane heldt fram å falle og gjekk denne månaden ned 2,9 prosent. Etter varetype gjekk prisane på konsumvarer opp 0,1 prosent medan energivarene steig 8,2 prosent. Innsatsvarene hadde ein oppgang på 0,8 prosent.
Tolvmånadersendringa: 9,1 prosent vekst i industrien
Samanlikna med oktober i fjor har prisane auka i alle industrinæringane. Prisane for industrien har stige med 9,1 prosent og her bidrog særleg raffinerte oljeprodukt og metall. Desse har auka med høvesvis 33,3 og 23,9 prosent. Prisen på blyfri bensin låg ifølgje tal frå London Spot Markets om lag 53 prosent høgare enn same månad i fjor. I næringsmiddelindustrien har ikkje prisane stige så mykje, berre med 2,1 prosent.
Produsentprisindeksen totalt har gått opp 24,1 prosent sidan oktober 2003, hovudsakleg på grunn av den kraftige auken i råoljeprisane. Råolje (Brent Blend) låg om lag 47 prosent høgare enn same månad i fjor, medan straumprisane var om lag 13 prosent lågare.
Gruppert etter varetype synte energivarene ein oppgong på 40,8 prosent, medan innsatsvarene har auka 9,3 prosent dei siste tolv månadene.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
Oktober 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2004-
oktober 2004 |
Oktober 2003-
oktober 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 116,4 | 4,9 | 24,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 127,0 | 8,9 | 47,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 108,7 | 1,5 | 9,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 214,1 | -2,9 | -13,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vareprisindeks for industrinæringene
Som meldt tidlegare, vert artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkøyrde. Begge undersøkingane vil førebels behalde heimesidene sine- www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjellar i indeksane kan det førekomme mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført noko nytt materiale til vareprisindeksen i siste periode.
Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100 |
Oktober 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2004-
oktober 2004 |
Oktober 2003-
oktober 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 121,6 | 4,9 | 24,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 127,0 | 8,9 | 47,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 108,9 | 1,6 | 9,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 207,1 | -3,0 | -13,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86