12490_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12490
Prisen på energiprodukt opp 55 prosent
statistikk
2005-09-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. august 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisen på energiprodukt opp 55 prosent

Sia desember i fjor har prisen på energiprodukt auka 55 prosent. Totalindeksen har i denne perioden auka 30 prosent - mens endringa var 5.1 prosent frå juli til august i år. Prisane innanfor industrien gjekk opp 1,8 prosent den siste månaden.

;>Prisutvikling for utvalgte varegrupper. 2000=100

Samanlikna med desember i fjor har både prisen på raffinerte oljeprodukt, samt råolje - Brent Blend - auka med omtrent 70 prosent. Prisen på straum var omtrent uendra. Industriprisane gjekk i perioden opp 10 prosent, mens oppgangen i industri minus dei raffinerte oljeprodukta var bare 1,9 prosent.

Frå juli til august gjekk prisane innanfor olje- og gassutvinning opp 8,3 prosent, mens prisane på elektrisitet auka 3,7 prosent. Oppgangen i industriprisane kjem i hovudsak av høgare prisar på eksport av raffinerte oljeprodukt og metall. På London Spot markets steig prisen på blyfri bensin 8,8 prosent frå juli til august. Innanfor næringsmiddelindustrien var auken på 0,6 prosent.

Etter varetype steig prisane på innsatsvarer og konsumvarer 0,6 prosent, mens energivarene gjekk opp 8,1 prosent.

På heimemarknaden var auken i totalindeksen på 1,7 prosent. Årsaka til den låge veksten var lågare prisauka for dei raffinerte oljeprodukta på denne marknaden, samt nedgang i prisane på metall.

Tolvmånadersendring, august 2004 til august 2005: 8,3 prosent prisauke i industrien

Oppgangen i industriprisane dei siste 12 månadene kjem i stor grad av 48 prosent høgare prisar på raffinerte oljeprodukt. Om ein ser bort ifrå desse produkta har endringa i industrien vore 2,0 prosent. Bak denne oppgangen ligg blant anna 3,8 prosent høgare prisar på næringsmiddel og 4,4 prosent høgare prisar på metallvarer. Nedgang i prisane på treforedlingsprodukt, samt produkt frå elektroteknisk- og optisk industri, dempa oppgangen noko.

Produsentprisindeks. 2000=100
  August 2005 Endring i prosent
     Juli 2005-august 2005    August 2004-august 2005
Totalindeks  133,1 5,1 19,9
Olje- og gassutvinning  157,2 8,3 35,1
Industri og bergverksdrift     115,8 1,8 8,2
Kraftforsyning  206,6 3,7 -12,1

Vareprisindeks for industrinæringane

Som meldt tidlegare, blir artiklane til produsentprisindeksen og vareprisindeksen for industrinæringane samkjørte. Begge undersøkingane vil midlertidig halde fram med heimesidene sine - www.ssb.no/ppi og www.ssb.no/vppi. På grunn av avrunding og nivåforskjell mellom indeksane, kan det bli mindre avvik i månadsendringane i dei to indeksane. Det er ikkje tilført ny informasjon til vareprisindeksen i siste periode.

Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100
  August 2005 Endring i prosent
      Juli 2005-august 2005     August 2004-august 2005
Totalindeks  139,0 5,1 19,8
Olje- og gassutvinning  157,2 8,3 35,1
Industri og bergverksdrift     116,0 1,8 8,2
Kraftforsyning  199,8 3,6 -12,1