Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Olje og metall gir auke
Med ein auke i olje- og gassprisar og metallprisar på 8,7 og 6,9 prosent steig totalindeksen for produsentprisar med 5,0 prosent mellom mars og april. Elles var dei generelle prisendringane relativt små.
For niande gong sidan januar 2001 braut den månadlege endringa i produsentprisindeksen femprosentmerket. I dei fleste industriar og varegrupper var prisendringane mellom mars og april små, men kraftig vekst i prisane på olje, gass og metall førte til ein total indeksauke på 5,0 prosent. Etter denne månadens vekst på 8,7 prosent nådde indeksen for råolje og gass ein rekordhøg verdi på 170,7.
Metallprisane har stige med 28,4 prosent sidan september i fjor, og er no tilbake til den stigande trenden etter eit fall på 2,7 prosent i mars. Den langsiktige auken er stort sett årsak av utviklinga i ikkje-jernhaldige metall, ein underindeks som dominerast av aluminium, men denne månaden voks også jern- og stålprisane. Sistnemnde auka med kraftige 6,0 prosent, jamført med eit fall på 0,8 prosent over dei siste tolv månadene.
Elektrisitetsprisen braut også med trenden. Etter sterk og samanhangande vekst sidan november, fall straumprisane med 2,0 prosent frå mars til april.
Den totale indeksendringa for industrien var 2,4 prosent.
Etter varetype dreiv prisane på energivarer indeksen opp, med ein vekst på 7,8 prosent. Den positive prisendringa for metall førde til at prisane på innsatsvarer auka med 2,0 prosent. Både investeringsvarer og konsumvarer hadde ein svak positiv vekst på under 1 prosent.
Indeksen for heimemarknaden auka med berre 1,6 prosent, trass i 10,7 prosent vekst i olje- og gassprisane. Metallprisane auka 2,2 prosent, mens prisendringane i dei fleste andre industriar var nær null. Prisane på varer av papir og papp fall med 3,7 prosent, noko som medverka til at indeksen for papirmasse, papir og papirvarer gikk ned 1,8 prosent. Utviklinga i elektrisitetsmarknaden var synleg også på heimemarknaden, med eit prisfall på 1,9 prosent.
Tolvmånadersendring: Total auke på 20,6 prosent
Utviklinga i energisektoren fortsette å dominere langtidsutviklinga i produsentprisane. Råolje- og gassprisane har vokse 31,8 prosent dei siste tolv månadene, mens elektrisitetsprisane har gått opp 48,9 prosent til tross for den siste månadens reduksjon. Prisane på aluminium har med sin vekst på 30,6 prosent medverka til at metallindeksen har auka 22,0 prosent det siste året. Kombinert med ein relativt låg prisvekst i andre industriar, og eit prisfall på 5,0 prosent i elektriske og optiske produkt, gjev dette ein vekst i totalindeksen på 20,6 prosent over tolv månader.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
April 2006 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2006-
april 2006 |
April 2005-
april 2006 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 141,6 | 5,0 | 20,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 166,7 | 8,7 | 31,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 121,1 | 2,3 | 8,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 311,2 | -2,0 | 48,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vareprisindeks for industrinæringane.
2000=100 |
April 2006 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars 2006-
april 2006 |
April 2005-
april 2006 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 147,9 | 5,0 | 20,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 166,7 | 8,7 | 31,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 121,3 | 2,3 | 8,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 301,0 | -2,1 | 48,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86