Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Stort prisfall på olje og oljeprodukt
Spotprisen på råolje (Brent Blend) sank 12,3 prosent frå august til september. Ikkje sidan desember 2005 har oljeprisen vore så låg. Auke i amerikanske oljelager er blant årsakene til nedgangen.
Totalindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning gjekk ned 5,1 prosent den siste månaden. Viktigst for nedgangen var at spotprisen på råolje (Brent Blend) fall 12,3 prosent frå august til september. Meir olje i amerikanske oljelager medverka til nedgangen.
Også prisane på raffinerte oljeprodukt fall stort den siste månaden med ein nedgang på heile 13,1 prosent. Dette bidrog til at industriprisane gjekk ned 1,5 prosent. Også nærings- og nytingsmidla hadde prisnedgang på 0,6 prosent. I motsett retning verka prisane på metall som gjekk opp 3,8 prosent. Metallprisane har stige samanhengande sidan juni med til saman 13,3 prosent. Kjemiske råvarer hadde ein prisvekst på 1,0 prosent den siste månaden.
Tolvmånadersendringa: 9,8 prosent nedgang for raffinerte oljeprodukt
Samanlikna med september i fjor har prisane for industrien stige med 5,4 prosent. Her bidrog særleg ikkje-jernhaldige metall med ein prisauke på 55,6 prosent. Prisane på aluminium og nikkel betydde mykje for utviklinga. Nikkelprisen har stige med heile 122 prosent frå september i år til september i fjor i henhald til London Metal Exchange. Tolvmånadersendringa for prisane på raffinerte oljeprodukt verka motsett da den for første gong sidan mars 2004 var negativ. Nedgangen var på 9,8 prosent, og den store prisnedgangen den siste månaden er i stor grad årsaka til dette.
Totalindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverk og kraftforsyning var 5,0 prosent høgare enn i september 2005. Oljeprisen (Brent Blend) gjekk ned 1,0 prosent i denne perioden, medan straumprisane gjekk opp heile 88,7 prosent. Grupperte etter varetype auka energivarene, investeringsvarene og innsatsvarene med høvesvis 2,7 prosent, 1,8 prosent og 15,9 prosent.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
September 2006 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2006-
september 2006 |
September 2005-
september 2006 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 137,4 | -5,1 | 5,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 151,9 | -9,2 | -0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 122,1 | -1,5 | 5,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 376,8 | -0,9 | 88,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vareprisindeks for industrinæringene |
September 2006 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2006-
september 2006 |
September 2005-
september 2006 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 143,5 | -5,1 | 5,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 151,9 | -9,2 | -0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 122,3 | -1,5 | 5,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 364,5 | -0,9 | 88,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86