Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fem månader med fall i produsentprisane
Produsentprisindeksen (PPI) fall 4,3 prosent frå desember til januar. Det betyr at indeksen har falle fem månader i rad, den lengste perioden med kontinuerleg fall sidan 2000. Utviklinga kjem i stor grad av energiprisane.
Med eit relativt stort fall på 4,3 frå desember til januar har produsentprisindeksen (PPI) falle kontinuerleg sidan august. Dette er den lengste samanhengande nedgangen sidan indeksen sidan 2000, og gir ein total nedgang på 12 prosent sidan toppen i august. Utviklinga kjem i stor grad av prisane på energivarer. Prisane på både olje og straum toppa seg på seinsommaren i fjor, oljeprisane på grunn av uro i Midtausten og straumprisane på grunn av ein tørr sommar og produksjonsstopp ved svenske atomkraftverk. Sidan da har prisane gått ned med 18 prosent for olje og heile 47.8 prosent for straum. Den milde vinteren har truleg påverka energiprisane. Frå desember til januar fall prisen på råolje og naturgass med 7,8 og straumprisen med 16,3 prosent.
Indeksen for mat og drikkevarer gjekk noko ned, med eit fall på 0,2 prosent. Dette kom i hovudsak av høgt tilbod av, og difor låg pris på, kjøt.
Andre næringsindeksar auka. Indeksen for trelast og varer av tre hoppa 4,3 prosent frå desember til januar. Høg etterspørsel frå byggjebransjen i Kina og det europeiske kontinentet har ført til at norske produsentar har fått høgare prisar på både heime- og eksportmarknadene.
Metallindeksen har auka kraftig dei siste tolv månadene, og voks med ytterlegare 3,8 prosent frå desember til januar. Jern- og stålprisane gjekk noko ned, men prisane på aluminium og nikkel, som er viktigast i norsk økonomi, førte til at denne indeksen totalt gjekk opp.
Prisendringane på heimemarknaden var stort sett like dei i totalindeksen for både heime- og eksportmarknadene. Fallet i prisane på mat og drikke var litt sterkare heime, med ein nedgang på 0,5 prosent. Sidan oljeprisane påverkar heimeindeksen mindre enn totalen, gjekk indeksen for prisar på varer produserte og selde i Noreg ned med 3,1 prosent.
Dei siste tolv månadene: Samla indeksfall på 4,7 prosent
Oljeprisen var 12,1 prosent lågare i januar 2007 enn i januar året før, og straumprisen fall 25,2 prosent over desse tolv månadane. Dette gjorde at PPI totalt har gått ned 4,7 prosent på tolv månader. Bortsett frå energivarer har alle varegrupper hatt ein auke i indeksen over denne perioden. Metallindeksen har gått opp med heile 32 prosent, og var med på å heve indeksen for innsatsvarer 13,7 prosent.
Endra vekter i indeksen
Prisindeksen blir rekna ut som eit vege snitt av observerte prisendringar. Vektene som blir nytta skal gi uttrykk for ulike næringar sin del i norsk industriproduksjon og import. For at dei, og indeksen, skal gi eit mest mogeleg riktig bilete av den skiftande næringsstrukturen blir vektene fornya kvart år og innført i utrekninga frå januar. Energivarer, som allereie hadde stor påverknad på totalindeksen, auka delen sin av vektene frå 2006 til 2007. Vektene til innsatsvarer gjekk også opp. Dette har ført til reduserte vekter spesielt for varige konsumvarer, sjølv om desse allereie hadde liten vekt. Ikkje-varige konsumvarer og investeringsvarer fekk vektene sine redusert frå 9,2 til 8,8 og frå 5,7 til 5,1 prosent av totalen.
Produsentprisindeks. 2000=100 |
Januar 2007 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2006-
januar 2007 |
Januar 2006-
januar 2007 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 1127,5 | 1-4,3 | 1-4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 137,0 | -7,8 | -12,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 1122,1 | 10,1 | 14,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 198,6 | -16,3 | -25,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Tallet er rettet 2. februar 2007 kl 1140. |
Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100 |
Januar 2007 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2006-
januar 2007 |
Januar 2006-
januar 2007 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 1133,2 | 1-4,3 | 1-4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 137,0 | -7,8 | -12,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 1122,3 | 10,1 | 4,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 192,2 | -16,3 | -25,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Tallet er rettet 2. februar 2007 kl 1140. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86