Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Ny prisnedgang for industrien
Produsentprisindeksen for olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift samt kraftforsyning gjekk ned 2,3 prosent frå januar til februar. Innanfor industrien minka prisane 0,3 prosent, men det er ulik utvikling på eksportmarknaden og på heimemarknaden.
Produsentprisindeksen for olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift samt kraftforsyning gjekk ned 2,3 prosent frå januar til februar. Prisane innanfor utvinning av råolje og naturgass minka 3,5 prosent og sørgde med det for det viktigaste bidraget til denne nedgangen. Elektrisitetsprisane fall 12,6 prosent i denne perioden.
Ny prisnedgang i industrien
Prisane innanfor industrien gjekk ned 0,3 prosent frå januar til februar. Ei viktig årsak til dette var at prisane innanfor petroleums- og kolvareindustrien fall 0,4 prosent i denne perioden. Samstundes held prisnedgangen i metallindustrien fram. Frå januar til februar gjekk prisane ned 2,4 prosent. Prisane på ikkje-jernhaldige metall gjekk ned med 1 prosent og også annan metallindustri hadde stor prisnedgang i denne perioden. Prisane innanfor kjemisk og farmasøytisk industri gjekk ned 2 prosent.
Det var fleire delar av industrien som hadde prisoppgang frå januar til februar, mellom anna næringsmiddelindustrien og maskinindustrien, der prisane steig høvesvis 1,2 og 1,1 prosent frå januar til februar.
Ulik utvikling på eksport- og heimemarknaden
Sjølv om prisane i industrien totalt gjekk noko ned frå januar til februar, var det ein oppgang i industriprisane på 0,9 prosent på heimemarknaden. Mellom anna hadde kjemisk og farmasøytisk industri og næringsmiddelindustrien ei sterkare prisutvikling på heimemarknaden enn på eksport- og heimemarknadene sett under eitt.
Lågare tolvmånadersvekst
Produsentprisindeksen for olje- og gassutvinning, industri og bergverksdrift samt kraftforsyning hadde ein tolvmånadersvekst på 0,2 prosent i februar, ned frå 3,9 prosent i januar.
For industrien har det vore ein prisnedgang på 2,2 prosent frå februar 2008 til februar 2009. Det er prisane innanfor petroleums- og kolvareindustri, og metallindustrien, som har falle mest, med høvesvis 26,9 og 11 prosent lågare prisar i februar 2009 enn i februar 2008. Dei fleste andre delane av industrien har hatt vekst i prisane i den same perioden, men for fleire industriar gjekk tolvmånadersveksten ned frå januar 2009 til februar 2009.
Viktig melding: Ny næringsklassifiseringFrå januar 2009 skal ein ny versjon av Eurostats næringsklassifisering NACE, ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar, brukast. Produsentprisindeksen (PPI) og vareprisindeksen for industrinæringane (VPPI) blir påverka av endringane i nomenklaturen frå og med publiseringa av indeksane for januar 2009. Klikk her for å lese meir om kva dette tyder for brukarane, berekningar og publiseringar . Nokre av indeksseriane etter den nye standarden er berekna på nytt også for tidlegare periodar til publisering av indeksen for februar. Vi ber brukarar som har spørsmål til omlegginga som er knytt til PPI og VPPI om å ta kontakt med statistikkansvarleg på e-post Espen.Kristiansen@ssb.no eller telefon 21 09 45 84. |
Februar 2009 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2009-
februar 2009 |
Februar 2008-
februar 2009 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 166,0 | -2,3 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning av råolje og naturgass | 185,1 | -3,5 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 130,6 | -0,3 | -2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 282,5 | -12,6 | 9,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 130,9 | 1,1 | 0,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 125,6 | 0,4 | 7,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 121,9 | 0,8 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 192,7 | -3,5 | -1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Se også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringene
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86