12780_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/ppi/arkiv
12780
Prisauke på elektrisitet og i metallindustrien
statistikk
2010-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
ppi, Produsentprisindeksen, prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustri, gruvedrift, metallpriser (for eksempel gull, aluminium, kobber)Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Produsentprisindeksen15. februar 2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på elektrisitet og i metallindustrien

Produsentprisindeksen auka 2,1 prosent frå januar til februar, i stor grad forårsaka av høgare elektrisitetsprisar. Innanfor industrien steig prisane 0,7 prosent, der prisauke i metallindustrien trakk mest opp.

Prisutviklinga for utvalde varegrupper. 2000=100

Produsentprisindeksen for olje og gassutvinning, industri og bergverksdrift, og kraftforsyning (PPI) auka som følgje av ein kraftig oppgang i elektrisitetsprisane frå januar til februar. Oppgangen i elektrisitetsprisane kjem av høgare systempris på Nord Pool i tillegg til høgare priser på sal av kraft til hushald (sjå konsumprisindeksen for meir informasjon ). Systemprisen auka kraftig mot slutten av februar, men har i ettertid falle igjen.

Prisane opp 0,7 prosent i industrien

Prisutviklinga i industrien har i den seinaste tida vore prega av moderate endringar. Unntaka er metallindustrien og petroleums- og kolvareindustrien, der prisane har auka mye. Som i januar auka prisane i februar i begge desse industrinæringane. Prisoppgangen på 2,4 prosent i metallindustrien utgjorde det viktigaste bidraget til den samla oppgangen i industrien frå januar til februar. Størst medverknad hadde prisauken på 3,6 prosent på ikkje-jernhaldige metall.

Som førre månaden var det prisutviklinga på eksportmarknaden som var viktigast for den samla prisoppgangen i industrien. Dette kjem til dels av at industrinæringane har ulik betyding på heime- og eksportmarknaden, men også at det er ulik prisutvikling i enkelte tilfelle. Innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri fall prisane 1,3 prosent på heimemarknaden, medan prisane auka på eksportmarknaden.

Tolvmånadersendring: høgare produsentprisar

Produsentprisindeksen auka nesten 19 prosent frå februar i fjor til februar i år. Auken kjem av kraftig prisoppgang både innanfor utvinning av råolje og naturgass, og kraftforsyning.

Prisane i industrien var 8,1 prosent høgare i februar 2010 samanlikna med februar 2009. I fleire industrinæringar er prisane om lag på same nivået som for eit år sidan. Prisutviklinga for industrien i denne tolvmånadersperioden er dermed drive av kraftig auke for petroleums- og kolvareindustrien, og metallindustrien, med høvesvis 32,9 og 12,4 prosent høgare priser. Prisauken for desse næringane den seinare tida kan sjåast som ei innhenting frå det låge nivået dei var på i etterkant av etterspørselsfallet seint i 2008 og tidleg 2009. I metallindustrien har prisane auka samanhengande sidan april i fjor, med unntak av ein månad.

Produsentprisindeks. 2000=100
  Februar 2010 Endring i prosent
  Januar 2010-Februar 2010 Februar 2009-Februar 2010
Totalindeks  193,2 2,1 18,8
       
Utvinning av råolje og naturgass  244,8 1,7 29,5
Industri og bergverksdrift  140,8 0,7 7,8
Kraftforsyning  388,9 21,7 37,7
       
Etter varetype      
Innsatsvarer  133,7 1,1 2,1
Investeringsvarer  125,8 0,7 0,2
Konsumvarer  123,8 0,3 1,6
Energivarer  245,9 3,1 31,7

Se også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringene .