Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare prisar på energivarer
Produsentprisindeksen for utvinning av olje og naturgass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PPI) gjekk ned med 0,5 prosent frå april til mai 2010. Hovudårsaka er nedgang i prisane på olje og elektrisitet.
Prisane innanfor kraftforsyning fall 11,3 prosent frå april til mai 2010. Saman med ein nedgang på 0,3 prosent i delindeksen for utvinning av råolje og naturgass var dette dei viktigaste bidraga til nedgangen i totalindeksen.
Innan metallindustrien gjekk prisutviklinga i motsett retning. Totalt gjekk prisane opp 2,8 prosent. På ikkje-jernhaldige metall var det 2,1 prosent høgare prisar i mai enn i april i år, også prisane på andre typar metall hadde samla sett ein oppgang. Prisoppgangen for ikkje-jernhaldige metall kom trass i at spotprisane (London Metal Exchange) på mange av dei ikkje-jernhaldige metalla gjekk noko ned i den same perioden.
Matvareprisane steig 0,9 prosent frå april til mai. Det var blant anna registrert høgare eksportprisar på fisk og oppgang i kjøtprisane på heimemarknaden.
Nedgang i tolvmånadersveksten sidan april
PPI gjekk opp med 18,4 prosent frå mai 2009 til mai 2010. For denne perioden har dei fleste varegruppene hatt prisoppgang. Unntaka er maskinindustrien, kjemisk og farmasøytisk industri, bergverksdrifta samt papir- og pappvareindustrien, der prisane har gått ned høvesvis 0,8, 5,0, 11,3 og 5,1 prosent sidan mai i fjor.
Tolvmånadersveksten i PPI fall med 8,3 prosentpoeng frå april til mai i år. Ei viktig årsak til fallet i tolvmånadersveksten er at prisane steig kraftig innanfor olje- og gassutvinning samt petroleums- og kolvareindustrien frå april til mai i fjor, medan prisane fall i den same perioden i år.
Mai 2010 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2010-mai 2010 | Mai 2009-mai 2010 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 203,7 | -0,5 | 18,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvinning av råolje og naturgass | 273,8 | -0,3 | 33,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 144,9 | 0,3 | 6,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 302,1 | -11,3 | 24,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Innsatsvarer | 137,5 | 1,1 | 7,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Investeringsvarer | 125,1 | -0,3 | -0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsumvarer | 125,9 | 0,9 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Energivarer | 266,4 | -1,3 | 29,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Se også informasjon om vareprisindeksen for industrinæringene .
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Produsentprisindeksen
E-post: produsentpris@ssb.no
tlf.: 21 09 40 00
-
Elisabeth Mælum
E-post: elisabeth.maelum@ssb.no
tlf.: 97 01 28 49
-
Morten Madshus
E-post: morten.madshus@ssb.no
tlf.: 40 90 26 94
-
Monika Græsli Engebretsen
E-post: monika.graesli.engebretsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 71
-
Håvard Georg Jensen
E-post: havard.jensen@ssb.no
tlf.: 40 90 26 86