Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Prisauke på råolje
Prisen på råolje auka med 11,7 prosent frå april til mai. Saman med ein prisauke innanfor oljeraffinering og metallindustri bidrog dette til at indeksen auka med 6 prosent.
12-månadersendringa for indeksen samla gjekk frå 9,8 prosent i april til 4,6 prosent i mai. Alle hovudgruppene hadde ein svakare 12-månadersendring denne månaden, med unntak av kraftforsyning.
Totalindeksen auka med 6 prosent frå april til mai, etter 2,2 prosent førre månad. Årsaka til oppgangen var først og fremst høgare prisar innan olje- og gassutvinning. Til dømes auka prisen på råolje på London Spot Market (LSM) med nær 12 prosent. Gruppa olje- og gassutvinning auka med dette 10,4 prosent. Industrien sine prisar hadde og ein svak auke, medan prisane på kraftforsyning fall 5,9 prosent.
Innan industrien var det oljeraffinering og metallindustri, spesielt ikkje-jernhaldige metall, som bidrog til at indeksen auka med 0,9 prosent. Prisen på raffinerte oljeprodukt følgjer ofte råoljeprisen, og på LSM hadde blyfri bensin ein prisoppgang på nær 9 prosent. Gruppa oljeraffinering auka frå 2,2 prosent i april til 5 prosent i mai, medan prisane innanfor metallindustrien gjekk frå en nedgang på 1,4 prosent til 3,2 prosent. Prisane innan kjemisk industri og treforedling drog i motsett retning.
Også 12-månadersendringane innan industrien var stort sett svakare denne månaden 3 prosent etter 3,7 førre månad for industri i alt. Det viktigaste unntaket her var oljeraffinering som hadde ein 12-månadersendring på 10,7 prosent etter 8,2 prosent i april.
Gruppert etter varetype var det ikkje overraskande at energivarene hadde den største oppgangen med 9,3 prosent frå april til mai. Innsatsvarene hadde ein auke på 0,9 prosent.
Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100 |
Mai 2001 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2001-
mai 2001 |
Mai 2000-
mai 2001 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 104,18 | 6,0 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje og gassutvinning | 102,50 | 10,4 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 102,58 | 0,9 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 156,00 | -5,9 | 92,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42