12932_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/vppi/maaned
12932
Prisane i metallindustrien ned
statistikk
2001-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vppi, Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt), prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, olje- og gassutvinning, bergverksdrift, gruvedrift, kraftforsyning, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustriEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt)15. august 2001

Denne statistikken er opphørt, men de samme tallene finnes i denne statistikken Produsentprisindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisane i metallindustrien ned

Prisane innan industrien fall 0,9 prosent frå juli til august. Viktigast for endringa var ein nedgang i prisane innan metallvareindustrien. Med dette er prisane innan industrien 0,5 prosent lågare enn august i fjor.

Innan industrien var det prisane innan metallindustri, spesielt ikkje-jernhaldige metall, som medverka til at indeksen fall. Til dømes gjekk prisen på aluminium ned med 4 prosent på London Spot Markets. Nikkel hadde eit prisfall på meir enn 10 prosent. Prisane innan metallindustri fall 4,4 prosent medan prisane innan ikkje-jernhaldige metall fall med 5,1 prosent. Ein annan viktig gruppe var kjemisk industri som fall 1,3 prosent frå juli til august. I motsett retning drog prisane på raffinerte oljeprodukt som gjekk frå ein nedgang på 5,4 prosent førre månad til ein oppgang på 0,9 prosent.

Totalindeksen hadde ein auke på 1,6 prosent etter fallet på 7,4 prosent førre månad. Hovudforklaringa er auka prisar innan olje og gassutvinning. I motsett retning drog reduserte prisar innan industri og kraftforsyning. Sistnemnde fall 2,4 prosent frå juli til august, og dette medverka til at gruppa si 12-månadersendring vart redusert frå 141,7 prosent til 80,2.

12-månadersendringa for indeksen samla var minus 4,3 prosent etter minus 3,1 prosent førre månad. Alle hovudgruppene hadde ei svakare 12-månadersendring denne månaden.

12-månadersendringa innan industrien var negativ for første gong sidan januar 1999. Gjennom førre året og delvis året før, auka prisane sterkt, i juni i fjor var 12-månadersendringa meir enn 11 prosent. Årsaka var først og fremst oppgangen innan raffinerte oljeprodukt, som igjen vart styrt av prisane på råolje. Dei fleste gruppene innan industrien hadde svakare 12-månadersendringar denne månaden. Størst endring hadde prisane innan metallindustrien, desse var 8,7 prosent lågare enn i august i fjor. For ikkje-jernhaldige metall var prisane 10,7 prosent lågare.

Gruppert etter varetype hadde energivarene ein oppgang på 3,3 prosent frå juli til august. Innsatsvarene fall i pris med 2 prosent, medan konsumvarene fall med 0,2 prosent.

Re-estimering

Vareprisindeksen sin inndeling ”etter varetype” er justert. Dette vart gjort for å skape samsvar mellom norsk og annan europeisk statistikk. Indeksane er re-estimerte tilbake til 1995. Gruppa innsatsvarer viser størst endring med om lag eitt indekspoeng i 1998. Elles er endringane små.

Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100
  August 2001 Endring i prosent
  Juli-august 2001 August 2000-august 2001
Totalindeks 98,33 1,6 -4,3
Olje- og gassutvinning 94,72 3,7 -10,0
Industri og bergverksdrift 100,24 -0,9 -0,3
Kraftforsyning 140,06 -2,4 80,2