Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare 12-månadersvekst
Etter å ha vist oppgang dei siste 3 månadene vart 12-månadersveksten (februar 2001-februar 2002) noe redusert denne månaden. Totalindeksen og dei tre hovudgruppene syner dei same utviklingstrekka.
Frå januar til februar hadde indeksen samla ein oppgang på 1,7 prosent. I denne perioden gjekk prisane innanfor olje- og gassutvinning opp med 4,2 prosent, mens industrien viste ein nedgang på 0,4 prosent.
Nedgang i industrien si 12-månadersvekst
12-månadersveksten til industrien gjekk frå -3,3 prosent i januar til -4,5 prosent i februar, mens same tal for oljeraffinering var -23,1 prosent og -27,4 prosent. Også for treforedlingsprodukt ser vi ei klår negativ utvikling. I februar falt 12-månadersveksten ned til -10,5 prosent. Denne utviklinga kjem av at gruppa viste ein oppgang på 3,3 prosent frå januar til februar førre året, mens prisane i same periode i år gikk ned 2,6 prosent. Også veksten for nærings- og nytingsmiddel er noko redusert samanlikna med førre månad. For kjemisk industri er 12-månadersveksten nå nede i -9,4 prosent, etter -6,9 prosent i januar. Veksten i denne gruppa har vist jamn nedgang sia andre halvår 2000 då endringstala i ein periode låg på rundt 20 prosent.
Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100 |
Februar 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar-februar 2002 | Februar 2001-februar 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 90,98 | 1,7 | -8,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 77,90 | 4,2 | -16,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 97,36 | -0,4 | -4,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 171,58 | 6,4 | 13,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42