Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare 12-månadersvekst
Etter å ha vist oppgang dei førre 3 månadene, vart 12-månadersveksten (mai 2001 - mai 2002) noko lågare denne månaden. Totalindeksen, olje- og gassutvinning og industri og bergverksdrift syner dei same utviklingstrekka.
Frå mai i fjor til mai i år hadde totalindeksen eit fall på 7,6 prosent. Prisane innanfor olje- og gassutvinning fall med 13,4 prosent, industri og bergverksdrift med 3,9 prosent, og prisane i kraftforsyning med 11,1 prosent.
Nedgang i industrien sin 12-månadersvekst
12-månadersveksten til industrien gjekk frå -2,9 prosent i april til -4,0 prosent i mai, mens dei same tala for oljeraffinering var -13,7 prosent og -19,2 prosent. Ei anna viktig gruppe, metallindustri, hadde i mai om lag 13 prosent lågare prisar enn i fjor, etter -8,5 prosent førre månad. I denne gruppa var det dei ikkje-jernhaldige metalla som hadde det sterkast prisfallet. Også for treforedlingsprodukt og nærings- og nytingsmiddel ser vi ei negativ utvikling.
Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100 |
Mai 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April-mai 2002 | Mai 2001-mai 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 96,49 | -1,3 | -7,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 88,78 | -1,8 | -13,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 98,55 | -0,5 | -3,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 134,17 | -8,9 | -11,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42