Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auka produsentprisar
Vareprisindeksen auka med 3,2 prosent frå august til september. Høgare prisar innanfor olje- og gassutvikling samt oljeraffinering påverka totalen mest.
Prisane innanfor olje- og gassutvikling gjekk opp 5 prosent frå august til september. I denne perioden viser tal frå London Spot Market (LSM) ein oppgang på om lag 6 prosent i prisane på råolje (Brent Blend). Prisane innanfor industrien auka 1,1 prosent, hovudsakleg grunna høgare prisar på raffinerte oljeprodukt og kjemiske produkt. LSM viste ein oppgang på 10 prosent i prisane på tung fyringsolje, mens blyfri bensin gjekk opp om lag 3,5 prosent. Kraftforsyning gjekk opp 13,8 prosent og medverka dermed også til oppgangen i totalen.
Gruppert etter varetype gjekk energivarene opp 5,5 prosent, mens konsumvarene og investeringsvarene var omtrent uendra.
Oppgang i den totale 12-månadsveksten
12-månadsveksten til totalen held fram å vere negativ slik den har vore sidan juli i fjor, men den stigande utviklinga som starta i juli fortsett. 12-månadsveksten gjekk med dette frå -5,7 prosent i august til -2,4 prosent i september.
Både 12-månadsveksten til olje- og gassutvinning og industri gjekk noko opp sia august, og veksten til gruppene ligg no på -4,1 og -3,2 prosent. Prisnedgang innanfor oljeraffinering og metallindustri trekk ned utviklinga i industrien siste år. Dei same gruppene er også viktige årsaker til at 12-månadsveksten til industrien gjekk frå -3,8 prosent i august til -3,2 prosent i september. Også 12-månadsveksten til kjemisk industri medverka til utviklinga i industrien, og gjekk frå -2,4 prosent i august til -1,2 prosent i september. Totalindeksen vart også noko påverka av kraftforsyning der 12-månadsveksten gjekk frå 0,9 prosent til 12,8 prosent.
Vareprisindeks for industrinæringene. 2000=100 |
September 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2002-september 2002 | September 2001-september 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 96,89 | 3,2 | -2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 89,63 | 5,0 | -4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri og bergverksdrift | 97,86 | 1,1 | -3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 155,61 | 13,8 | 12,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42