12896_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/vppi/maaned
12896
Høgare prisar på industriprodukt
statistikk
2003-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vppi, Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt), prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, olje- og gassutvinning, bergverksdrift, gruvedrift, kraftforsyning, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustriEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt)15. februar 2003

Denne statistikken er opphørt, men de samme tallene finnes i denne statistikken Produsentprisindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgare prisar på industriprodukt

Vareprisindeksen auka med 1,9 prosent frå januar til februar. Prisauke blant fleire industriprodukt, samt høgare oljepris, blei motvirka av nedgang i kraftprisane.

Industriprisane gjekk opp 1,6 prosent frå januar til februar og er difor nær 3 prosent høgare enn for 3 månader sia. Siste periodes auke, som er den største sia siste halvår 2000, kjem av bred oppgang i prisane på industriprodukt. Oljeraffinerte produkt gjekk opp med bortimot 10 prosent frå januar til februar. Også prisauke på metall og kjemiske produkt medverka sterkt til utviklinga i industrien.

Prisane innan olje- og gassutvikling gjekk opp 4 prosent frå januar til februar. I denne perioden viser tal frå London Spot Market (LSM) ein auke på 5,3 prosent i prisane på råolje (Brent Blend). Ein markant nedgang på bortimot 18 prosent i kraftprisane reduserte den totale oppgangen.

Alle hovudgrupper gruppert etter varetype viste ein auke. Størst vekst fant stad på energivarene som gjekk opp 3,1 prosent.

Uendra oppgang i den totale 12-månadersveksten

12-månadersveksten (februar 2002-februar 2003) for totalindeksen auka med 11,9 prosent. Tilsvarande for januar var 11,6 prosent. Prisane innan olje- og gassutvinning er, som i førre månad, omtrent 20 prosent høgare enn for eit år sia. Industriprisane har steget 2,3 prosent, som er den største veksten sia 2001. Kraftprisane er nå vel 80 prosent høgare enn i same periode i fjor, men samanlikna med førre månaden har 12-månadersveksten gått kraftig ned.

Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100
  Februar 2003 Endring i prosent
  Januar-februar 2003 Februar 2002-februar 2003
Totalindeks  101,79 1,9 11,9
Olje- og gassutvinning 93,31 4,0 19,8
Industri og bergverksdrift 99,53 1,6 2,2
Kraftforsyning  309,42 -17,8 80,3