Færre meldingar til barnevernet
Publisert:
Barnevernet fekk nesten 3 prosent færre meldingar i 2018 enn kva som var tilfelle i 2017. Dei fleste meldingane kjem frå barnevernstenesta sjølv, politi og skole, som for tidlegare år.
- Tala er henta frå
- Barnevern
- Artikkelen er del av serien
- Barnevern (arkiv)
Sjølv om desse tre stod bak meir enn 40 prosent av meldingane i 2018, var det færre meldingar frå kvar av dei i 2018 samanlikna med i 2017.
Størst nedgang var det i meldingar frå asylmottak, Utlendingsdirektoratet (UDI) og innvandringsstyresmakter. Også frå familievernet, krisesenter og psykisk helsevern for barn og unge var det stor prosentvis nedgang i meldingar frå 2017 til 2018.
Figur 1. Meldingar til barnevernet etter kven som melde. 2017 og 2018
2017 | 2018 | |
Frivillige organisasjonar / idrettslag | 55 | 77 |
Utekontakt / fritidsklubb | 91 | 95 |
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) | 210 | 203 |
Asylmottak / UDI / innvandringsstyresmakt | 949 | 336 |
Barnet sjølv | 335 | 358 |
Tenester og instansar med ansvar for oppfølging av personar med rusproblem | 456 | 453 |
Krisesenter | 528 | 471 |
Familievernkontor | 641 | 534 |
Familie for øvrig | 1116 | 1043 |
Psykisk helsevern for barn og unge | 1328 | 1198 |
Psykisk helsevern for vaksne | 1452 | 1500 |
NAV (kommune og stat) | 1854 | 1749 |
Andre offentlege instansar | 2073 | 1994 |
Andre | 2339 | 2247 |
Barnehage | 3192 | 3087 |
Helsestasjon / skolehelsetenesta | 3082 | 3096 |
Barnevernsvakt | 3152 | 3281 |
Lege / sjukehus / tannlege | 3982 | 4121 |
Andre privatpersonar | 4083 | 4183 |
Mor / far / foresatte | 4583 | 4591 |
Skole | 7378 | 7125 |
Politi / lensmann | 8286 | 8034 |
Barnevernstenesta | 8686 | 8341 |
Sidan SSB starta å innhente meldingar frå barnevernet i 2013, har talet auka år for år. Men etter ein moderat auke frå 2016 til 2017, var det i 2018 for første gang ein nedgang i meldingar til barnevernet. Både for dei yngste og dei eldste barna var det færre meldingar. Berre i aldersgruppa 6-12 år var det like mange meldingar i 2018 som året før.
Barnevernet fekk melding om 4,4 prosent av alle barn i alderen 0-17 år i 2018, ein nedgang frå 4,5 prosent i 2017.
99 prosent konkluderte innan frist
Av meldingane barnevernet fekk i 2018 konkluderte dei i 99 prosent av sakene innan fristen på 7 dagar. Dette er som tidlegare år. Omtrent 17 prosent av meldingane både i 2017 og 2018 vart lagde bort og gjekk ikkje vidare til undersøking. Færre meldingar har ikkje gjort at delen av meldingane som blir lagde bort har vorte mindre.
Uendra tal på avslutta undersøkingar
Færre meldingar gjer at talet på undersøkingar som vart starta også gjekk ned. Frå 2017 til 2018 har talet på undersøkingar som vart starta gått ned med 3 prosent.
Talet på undersøkingar barnevernet avslutta var like mange i 2018 som året før. Av undersøkingane som vart avslutta auka talet som vart lagde bort med 2 prosent frå 2017 til 2018. I 2018 vart vel 6 av 10 avslutta undersøkingar lagde bort, utan at barnevernstenesta iverksette tiltak for barnet.
Færre barn er plasserte
Ved utgangen av 2018 var det nesten 500 færre barn og unge som fekk plasseringstiltak frå barnevernet samanlikna med året før. Omtrent halvparten av nedgangen skuldast at det er færre som er plasserte i bustad med oppfølging. Men også i barnevernsinstitusjon, fosterheim og beredskapsheim budde det færre barn og unge ved utgangen av 2018.
Det var færre plasserte barn både blant dei under omsorg og blant dei som var plasserte som eit hjelpetiltak. Dei siste tre åra har talet på barn under omsorg på slutten av året vore stabilt med noko over 9 000 barn. Ved utgangen av 2018 var det til saman 8 868 barn under omsorg, noko som er 165 færre enn ved utgangen av 2017.
Tusen fleire tilsette sidan 2014
Ved utgangen av 2018 var det vel 6 150 årsverk registrert i den kommunale barnevernstenesta. Dette er tusen fleire årsverk enn det som var registrert på slutten av 2014. Talet på tilsette har auka frå 3,5 til 4,2 per 1 000 barn og unge i alderen 0-22 år i same perioden.
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
-
Unni Beate Grebstad
-
SSBs informasjonstjeneste