Flest meldingar og undersøkingar i Finnmark

Publisert:

Det er til dels store forskjellar i fylkestala for landets barnevernstenester. Finnmark skil seg ut med flest meldingar og undersøkingar per 1 000 barn og har også flest barn under omsorg.

Klart flest meldingar og undersøkingar var det altså i Finnmark i 2016, som året før. Heile 73,0 meldingar per 1 000 barn fekk barnevernet og 63,0 undersøkingar per 1 000 barn vart starta av barnevernet i vårt nordlegaste fylke. Nærast Finnmark, men med klart lågare tal, følgjer Vestfold der barnevernet i 2016 fekk 64,3 meldingar per 1 000 barn, og 51,5 undersøkingar per 1 000 barn vart starta.

Relative tal

For å kunne samanlikne tala mellom fylka nyttar vi tal per 1 000 barn i alderen 0–17 år. Det som i denne artikkelen vert omtala som flest og færrast er då dei absolutte tala sett i forhold til kor mange barn som bur i fylket.

Dei absolutte tala vert ikkje omtala og samanlikna i denne artikkelen. 

Figur 1

Figur 1. Meldingar i løpet av året per 1 000 barn (0-17 år) etter fylke. 2016

Lite meldingar og undersøkingar i Sogn og Fjordane

Færrast meldingar motteke og undersøkingar starta var det i Sogn og Fjordane, i tillegg til Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane fekk barnevernet berre 35,3 meldingar og starta 29,7 undersøkingar per 1 000 barn i løpet av 2016.

Det var altså under halvparten så vanleg med melding og undersøking blant barn i Sogn og Fjordane som i Finnmark.

Figur 2

Figur 2. Undersøkingssaker starta i løpet av året per 1 000 barn (0-17 år) etter fylke. 2016

Flest hjelpetiltak i Aust-Agder

I Aust-Agder var det 31,1 barn med hjelpetiltak per 1 000 barn på slutten av 2016. Aust-Agder hadde også flest barn med hjelpetiltak per 1 000 i 2015. Ved utgangen av 2016 har også Telemark og Oppland store delar med 29,8 og 29,4 barn med hjelpetiltak per 1 000 barn.

Figur 3

Figur 3. Barn med hjelpetiltak per 31. desember per 1 000 barn (0-17 år) etter fylke. 2016

Akershus var fylket der færrast barn per 1 000 fekk hjelpetiltak med 17,7 i 2016. Det var òg færrast barn per 1 000 med omsorgstiltak i Akershus med 5,2 barn per 1 000. Også Oslo skil seg ut med 5,8 barn per 1 000 under omsorg.

Omsorgstiltak mest vanleg blant barn i Finnmark

Ved utgangen av 2016 var delen under omsorg 14,9 per 1 000 barn i Finnmark. Dette er klart høgare enn i fylka som følgjer bak. I Nordland var det 11,3 barn per 1 000 med omsorgstiltak, og i Troms og Nord-Trøndelag var det 10,9 barn per 1 000 barn med omsorgstiltak ved utgangen av 2016.  

Figur 4

Figur 4. Barn med omsorgstiltak per 31. desember per 1 000 barn (0-17 år) etter fylke. 2016

Flest tilsette i Sør-Trøndelag

Med 7,1 tilsette i barnevernet per 1 000 barn i alderen 0–17 år var Sør-Trøndelag fylket med flest tilsette relativt sett. Medan det i Troms var 6,3 og i Telemark 6,1 per 1 000. Færrast tilsette per 1 000 var det i Aust-Agder ved utgangen av 2016 med 3,9 tilsette per 1 000 barn 0–17 år – eit lite paradoks når det er flest barn med hjelpetiltak i dette fylket. Og i tillegg har Aust-Agder ein nokså stor del samanlikna med dei andre fylka av både meldingar og undersøkingar starta.

Figur 5

Figur 5. Tilsette i barnevernet per 31. desember per 1 000 innbyggjarar (0-17 år) etter fylke. 2016

Kontakt