Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire tilsette i barnevernet
Talet på barnevernspedagogar i det kommunale barnevernet auka med 6 prosent siste år, medan talet på sosionomar auka med 1 prosent. For fyrste gong var det flest barnevernspedagogar blant dei tilsette.
Det var i alt registrert 2 524 årsverk i barnevernet i 1999. Dette er 46 fleire årsverk enn året før, og ein auke på 1,9 prosent. Auken frå 1997 til 1998 var til samanlikning på 35 årsverk, eller 1,4 prosent. Ser ein talet på tilsette i høve til folketalet er nivået det same som i 1997 og 1998.
Fleire tilsette
Talet på sosionomar og barnevernspedagogar har auka kvart år sidan 1995. Av dei to yrkesgruppene er det barnevernspedagogane som har hatt den største auken. Dei er no for fyrste gong i fleirtal. Frå 1995 til i dag har talet på barnevernspedagogar auka med 194 årsverk. Talet på sosionomar har i same periode auka med 62 årsverk. Gruppa tilsette med anna høgskule-/universitetsutdanning har gått ned med 64 årsverk frå 1995 til i dag. Barnevernspedagogar og sosionomar har no 38 og 37 prosent av alle tilsette i det kommunale barnevernet.
Store skilnader mellom fylka
Talet på tilsette i barnevernet i høve til talet på barn under 18 år, viser eit landsgjennomsnitt på 2,4 årsverk per 1 000 barn. Dette er same nivået som dei tre siste åra. Best bemanning finn ein i Oslo med 3,7 årsverk per 1 000 barn under 18 år. På dei neste plassane ligg Østfold og Vest-Agder med 3,3 og 3,0 tilsette på tilsvarande folketal. Lågast bemanning hadde Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med 1,7 og 1,8 per 1 000 barn. Nord-Trøndelag, Oppland og Rogaland hadde òg få tilsette i barnevernet i høve til barnetalet. Av desse tre fylka hadde dei to fyrste same nivå som året før, medan Rogaland hadde ein liten nedgang i talet på tilsette per 1 000 barn samanlikna med 1998.
Færre ufaglærte
Talet på ufaglærte i det kommunale barnevernet er redusert frå 141 årsverk i 1995 til 103 årsverk i 1999, det vil seia ein nedgang på 27 prosent. Nedgangen det siste året var på 12,4 årsverk eller 11 prosent.
Ved utgangen av 1999 stod 95 årsverk ledige i det kommunale barnevernet. Dette er 9 årsverk meir enn året før, og utgjer nesten 4 prosent av alle budsjetterte stillingar.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Barnevern.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42