Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Talet på tilsette auka med 2,5 prosent
Det var i alt registrert 2 586 årsverk i det kommunale barnevernet i 2000. Dette er 62 fleire enn året før, og ein auke på 2,5 prosent. Auken frå 1998 til 1999 var til samanlikning på 46 årsverk, eller 1,9 prosent.
Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, har nivået vore det same dei fire siste åra, 2,4 årsverk per 1 000 barn. Eit sentralt utviklingstrekk er at stadig fleire av dei tilsette har fagutdanning.
Det er talet på barnevernspedagogar i det kommunale barnevernet som aukar mest, med i alt 57 årsverk siste år. Dette er ein auke på 6 prosent frå året før.
Fleire med fagutdanning
Talet på sosionomar og barnevernspedagogar har auka kvart år sidan 1995. Av dei to yrkesgruppene er det barnevernspedagogane som har hatt den største auken, og dei er no den største faggruppa. Frå 1995 til i dag har talet på barnevernspedagogar auka med 251 årsverk. Talet på sosionomar har i same periode auka med 73 årsverk. Gruppa tilsette med anna høgskule-/universitetsutdanning har gått ned dei siste åra, med 54 årsverk frå 1995 til i dag. Barnevernspedagogar og sosionomar har no 39 og 37 prosent av alle tilsette i det kommunale barnevernet, og 86 prosent av alle tilsette i den kommunale barnevernstenesta har no utdanning på høgskulenivå. Talet på ufaglærte i det kommunale barnevernet er redusert frå 142 årsverk i 1995, til 101 årsverk i 2000, det vil seia ein nedgang på 29 prosent. Nedgangen siste år var på 2,2 årsverk.
Store skilnader mellom fylka
Talet på tilsette i barnevernet i høve til talet på barn under 18 år, viser eit landsgjennomsnitt på 2,4 årsverk per 1 000 barn. Dette er same nivået som dei fire siste åra. Best bemanning finn ein i Oslo med 3,5 årsverk per 1 000 barn under 18 år. På dei neste plassane ligg Østfold og Vest-Agder med 3,2 og 3,1 tilsette på tilsvarande folketal. Lågast bemanning hadde Sogn og Fjordane med 1,7 og Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag med 1,8 per 1 000 barn. Hedmark og Oppland hadde òg få tilsette i barnevernet i høve til barnetalet.
Fleire ledige stillingar
Ved utgangen av 2000 stod 129 årsverk ledige i det kommunale barnevernet. Talet på ledige stillingar har auka kvart år frå 1997 til i dag, og særleg siste året har auken vore stor. Ved utgangen av 2000 var nær 5 prosent av alle budsjetterte stillingar ledige.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Barnevern.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42