13402_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13402
2 prosent fleire tilsette i barnevernet
statistikk
2004-06-30T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

2 prosent fleire tilsette i barnevernet

Det var i alt registrert 2 843 årsverk i den kommunale barnevernstenesta i 2003. Dette er 57 fleire enn året før, og ein auke på 2,0 prosent. Auken frå 2001 til 2002 var til samanlikning på 83 årsverk, eller 3,1 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, er nivået det same som i 2002, det vil seia 2,6 årsverk per 1 000 barn. Stadig fleire tilsette har no fagutdanning, og barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei største gruppene, utgjer no 43 og 35 prosent av alle tilsette i den kommunale barnevernstenesta. Det var i alt 80 ledige stillingar ved utgangen av 2003, mot 112 stillingar/årsverk på same tid året før.

Tabeller: