13394_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13394
Fleire barnevernspedagogar
statistikk
2008-08-12T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire barnevernspedagogar

Det var i alt 3 184 årsverk i barnevernet ved utgangen av 2007. Dette er 144 fleire enn året før, ein auke på 4,7 prosent. Nærare halvparten av dei tilsette i barnevernet er no barnevernspedagogar.

Auken i talet på tilsette er den høgste på fleire år. Til samanlikning var auken frå 2005 til 2006 på 3,6 prosent. Går vi enda eitt år attende var veksten på 2,5 prosent.

Ser ein talet på tilsette i høve til barn under 18 år, var det i 2007 2.9 årsverk per 1 000 barn, mot 2,8 i 2006. Oslo og Troms hadde flest tilsette, 3,7 per 1 000 barn. I Telemark, Nordland og Finnmark var det 3,4 tilsette per barn, og desse fylka låg difor også godt over landsgjennomsnittet. Lågast bemanning finn ein i Hedmark med 2,4 årsverk per barn, og i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og Nord-Trøndelag som alle hadde 2,5 årsverk per 1 000 barn.

Ni av ti tilsette hadde høgare utdanning i fjor. Barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei to største gruppene, talte høvesvis 46 og 34 prosent av alle tilsette. 10 prosent av dei tilsette hadde anna høgskule- eller universitetsutdanning. Talet på barnevernspedagogar auka med 9 prosent siste år, medan talet på sosionomar berre auka med 0,6 prosent. Det var i alt 105 ledige årsverk ved utgangen av 2007, mot 96 året før.

Tabeller: