13392_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barnevernp/aar
13392
3,5 prosent fleire tilsette i barnevernet
statistikk
2009-07-22T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
barnevernp, Barnevernspersonell, kommunalt barnevern, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, kontorpersonell), ledige stillingarBarne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Barnevernspersonell2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3,5 prosent fleire tilsette i barnevernet

Det var i alt 3 294 årsverk i det kommunale barnevernet ved utgangen av 2008. Dette er 111 fleire enn året før, og ein auke på 3,5 prosent frå 2007.

Til samanlikning var auken i talet på årsverk frå 2006 til 2007 på 4,7 prosent. Går vi enda eitt år attende, var veksten på 3,6 prosent.

Stadig fleire ledige stillingar

Ved utgangen av året var talet på ledige stillingar - her målt i årsverk -  127, mot 105 året før. Ikkje sidan 2000 har så mange stillingar stått ledige i barnevernet.

Årsverk i barnevernstenesta per 31. desember per 1 000 innbyggjarar 0-17 år, etter fylke. 2007 og 2008

Store skilnader mellom fylka

Ser ein talet på tilsette i høve til innbyggjarar under 18 år, var det 3,0 årsverk per 1 000 barn i 2008, mot 2,9 i 2007.

Troms og Finnmark hadde flest tilsette, høvesvis 4,0 og 3,8 per 1 000 barn. Oslo og Nordland ligg også høgt med 3,6 tilsette per 1 000 barn. Lågast bemanning finn ein i Sogn og Fjordane med 2,4 årsverk og i Akershus og Aust-Agder som begge hadde 2,5 årsverk per 1 000 barn.

Åtte av dei ti største kommunane hadde fleire tilsette i barnevernstenesta i høve til folketalet enn landsgjennomsnittet. Flest i Tromsø og Kristiansand, høvesvis 4,0 og 3,9 per 1 000 innbyggjarar i alderen 0-17 år. Sandnes og Bærum derimot ligg like under landsgjennomsnittet, høvesvis 2,9 og 2,8 årsverk per 1 000 innbyggjarar frå 0 til 17 år.

Ni av ti har utdanning

Ni av ti tilsette har no høgare utdanning. Barnevernspedagogar og sosionomar, som er dei to største gruppene, talte høvesvis 46 og 33 prosent av alle tilsette, medan 11 prosent av dei tilsette hadde anna høgskule- eller universitetsutdanning. Talet på barnevernspedagogar auka med 3,5 prosent og gruppa med anna høgskule- eller universitetsutdanning voks med 13,5 prosent siste år. Talet på sosionomar var derimot det same som året før.

Tabeller: